Poliklinisk opphald
Beskjed om poliklinisk time gjer vi vanlegvis via eit innkallelsesbrev. Du kan også få tildelt time pr. telefon eller via lege, for eksempel ved utskriving frå sengepost.
Brevet/informasjonen inneheld opplysningar om:
- Dag og tid for oppmøte.
- Beskjed om du må ta blodprøver ved poliklinikken ved frammøte.
- Medisinar: Ved første konsultasjon må du hugse å ta med ei oversikt med namn, dose og hyppigheit av faste- og behovsmedisinar du bruker.
- Informasjon om kva for avtalar som er gjort i samanheng med konsultasjonen.
- Informasjon dersom det er aktuelt å bu på sjukehotellet.
- Veikart til Haukeland universitetssykehus og kart over området
- Informasjon om å berekne god tid på grunn av parkeringsproblem på sjukehusområdet.
Personalet på avdelinga
Personalet omfattar spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, legar og sekretærar. Det er eit nært samarbeid med fysioterapeutar, sosionomar, klinisk ernæringsfysiolog, tannpleiar og sjukehusprest.
Kor bur du under behandling?
Behandlingen kan foregå over fleire dager, og du vil då bu heime eller på sjukehotellet mellom kvar behandlingsdag.
Venting
For å utnytte ressursane best mogleg, er det lagt opp til eit tett program. Dette kan medføre noko venting.
Frikort og egenandel
Har du vært hos lege eller får cellegiftkurar, må du betale ein eigenandel dersom du ikkje har frikort. Frikort må takast med til konsultasjonen for registrering.
Ta med deg pårørende eller ein venn
Det er anledning til å ha med seg ein pårørande eller ein venn til legetimen/behandling.
Venterom, opphaldsrom og Atriet
Ved inngongen til Parkbygget finn du Atriet som er open for pasientar og pårørande mellom kl. 07.30 -15.30.
Her finnast avisar, bladar, tv og bevertning.
Vi oppfordrar pasientar som ventar på time til lege eller på blodprøvesvar, å nytte desse arealane. Det er begrensa sitjeplassar i poliklinikken, og vi henstiller pårørande til å venta lengst mogleg i Atriet. I Atriet er det og ein lekekrok for dei minste.
For dei som skal ha behandling, er det et eiga venterom i behandlingseinheiten.
Bevertning
For pasientar som ventar på legetime eller blodprøvesvar, serverast kaffe, te, saft og skiver med variert pålegg i Atriet.
I behandlingseinheiten på poliklinikken serverast kaffe, te, saft og skiver med variert pålegg.
Odd Fellow Sam Prosjektet står for serveringen.
Bruk av mobiltelefon
Det er tillatt å bruke mobiltelefon i avdelinga. Sjukehuset har skilta områder kor mobilbruk ikkje er lov. Vi ber om at ringjelyden settast så lavt som mogleg. Vi henstillar til at det ikkje takast bilder som kan vise andre pasientar.
Bruk av PC
Det er tilknytta TV, radio, PC og telefon ved alle behandlingsstolane i form av ein pasientterminal. Det er også lagt opp til trådløst nettverk i byggjet.
Vi kan formidle kontakt med andre
Vi kan formidle kontakt med Kreftforeninga, Sunniva klinikk for lindrande behandling, Bergen Røde Kors sjukeheim og andre. Du vil finne diverse informasjonsbrosjyrar og oppslag i avdelinga.
Andre samarbeidspartnarar
Vi arbeider tett med palliativt team og andre spesialeiningar på sjukehuset. På same måte prøver vi å få til eit godt samarbeid med lokalsjukehus og pleie- og omsorgstenesta. Vi formidlar også kontakt med Sunniva Klinikk for Lindrande behandling, Røde Kors palliativ avdeling, Kreftforeininga og andre aktuelle instansar.