Mange kjenner nokre barn som er munnpustarar, barn som har gjentatt øyrebetennelse eller barn som bruker svært lang tid på måltida, og som kanskje ikkje vil ete skorpene på skivene. Dette er vanlege problem som blir handtert ved vår poliklinikk.
Helsepersonell og pasient. Foto
Vi vurderer i det heile alle former for symptom vedrørande høyrsel, lukt, smak, balanse og svelging.
Forutan slike plager, tar vi hand om ei lang rekkje alvorlege sjukdomar. Vi har ei rekkje legar med spesialkompetanse innanfor særlege område innan øyre-nase-halsfaget. Våre legar har samla svært stor erfaring, og vi bruker kompetansen til kvarande når det er ønskeleg og nødvendig. Sjølvsagt har vi også eit utstrakt samarbeid med andre sjukehusavdelingar.
Dersom du kjenner uro vedrørande helsa di innanfor øyre-nase-halsområdet, kan du gjerne be legen din ta kontakt med oss, så skal vi gi deg ein time innan rimeleg tid.