Seksjonen er også med på ein studie ”Sikker arbeidspraksis i tverrfagleg team”. Forskarar observerer i denne studien korleis omsynet til sikkerheit kommer til uttrykk gjennom teamarbeid. Studien skal kartlegge kva rolle kunnskapsfaktorar og systemfaktorar har i ein sikker arbeidsplass.
Som serviceklinikk er vi ein sjølvstendig seksjon som server dei opererande avdelingane. Ortopedane som gjennomfører den faktiske operasjonen er organisert i
Ortopedisk klinikk.
Direkte knytt til vår avdeling har vi følgjande fagsamansetting:
Operasjonssjukepleiarar: 22
Anestesisjukepleiarar: 15
Anestesilegar: 6
Sekretær: ½
Planlagde inngrep gjennomførast stort sett i tidsrommet 08.00 – 15.30. Akutte operasjonar gjennomførast i utgangspunktet heile døgnet, men vi ser helst at disse operasjonane vert gjennomført i tidsrommet 08.00 – 22.30, med personell i beredskap om natta.
Fagmiljø
Vi gjer alt for å oppretthalde eit høgt fagleg nivå i arbeidet vårt. Opplæring og vedlikehald av kunnskapar er ein prosess som går kontinuerleg, og personalet vårt skal til ei kvar tid vere i stand til å yte hjelp på høgt fagleg nivå til pasientane våre. Utstyret som vert nytta under kirurgi er i stadig utvikling og operasjonssjukepleiarane våre handterer store mengder av dette utstyret.
Anestesiavdelinga er og godt rusta med høgteknologi som saman med anestesipersonalet sin erfaring og kunnskap gir trygge formar for bedøving. Seksjonen er og med i rettleiing og opplæring sjukepleiarar i spesialisering, samt hospitering av offshore spesialsjukepleiarar og vidareutdanning av faglært ambulansepersonell (paramedic –studentar).
Pasientgrupper ved Ortopedisk seksjon
- Brotkirurgi
- Korrigerande kirurgi
- Traumekirurgi
- Kreftkirurgi
- Ryggkirurgi
- Protesekirurgi
- Kirurgi ved infeksjonar i ”ortopedisk område”
Spesielt for seksjonen er at vi i stor grad nyttar oss av såkalla regionale blokkader, som gir god smertelindring for kirurgi i bein. Ofte kombinerast disse blokkadane med ein eller annan form for narkose.
Vi tvinger sjølvsagt ingen til å godta ei form for bedøving dei ikkje vil ha, men saman med pasienten blir vi samde om den mest hensiktsmessige forma for bedøving for det aktuelle inngrepet. Vi er og opptekne av at pasientar skal ha ei så effektiv smertelindring som råd er også etter at inngrepet er gjennomført.