Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Trygg kirurgi

Verdas helseorganisasjon (WHO) har utvikla ei sjekkliste med mål om å redusere kirurgiske komplikasjonar, og å betre teamarbeid og kommunikasjon.

Foto. Kirurgisk sjekkliste i bruk i operasjonssal

Sjekklista er ein viktig del av det nasjonale pasienttryggleiksprogrammet: «I trygge hender 24/7», og rett bruk skal bidra til å hindre kirurgiske pasientskadar.

Korleis brukes sjekklista?

Operasjonspersonalet går gjennom sjekklista i tre delar:

  • Før pasienten får bedøving (anestesi)
  • Like før operasjonen startar
  • Før operasjonsteamet går ut av operasjonsstova



Kva betyr sjekklista for deg som pasient?

Ved gjennomgang av sjekklista blir du som pasient bedt om å si ditt namn, fødselsdato og personnummer. Du må og bekrefte kva operasjon som er planlagd og side du skal opererast på, om aktuelt. Ved noen inngrep blir du også som rutine påført merking for å vise kor du operasjonen skal gjennomførast.

Kvifor treng vi ei sjekkliste?

Helse Vest har som målsetting å redusere komplikasjonar som kan førebyggast, med 25% frå 2017 til 2023. Forsking frå Førde sentralsjukehus og Haukeland universitetssjukehus har vist at bruk av sjekklista for Trygg kirurgi kan redusere komplikasjonar med inntil 43%, og gje kortare liggetid i sjukehusa. Nyare forsking støttar opp om desse funna.

Målet er å betre pasienttryggleiken på ein standardisert måte som er enkel å gjennomføre i praksis.

Om du har spørsmål om sjekklista, eller om bruken av denne, så spør helsepersonell på sjukehuset.

Ny sjekkliste for kirurgiske pasientar

I forskningsprosjektet PASC (patient safety checklist) er det utvikla ei sjekkliste som kirurgiske pasientar kan bruke i samband med sin operasjon. 

Den er utvikla saman med pasienter som har vore operert ved sentralsjukehuset i Førde og Haukeland universitetssjukehus. Målet er at ved å bruke sjekklista vil pasientar involverast i pasienttryggleiken og vidare bidra til styrke den. 

Sjekklista blir i forskningsprosjektet PASC gitt til kirurgiske pasientar som gjennomgår ein operasjon i Helse Førde (ortopedi og generell kirurgi) og på Haukeland universitetssjukehus (ØNH-kjeve, bryst- og endokrin, gastrokirurgi, nevrokirurgi og hjerte-/lungekirurgi). Det blir samla inn data om bruk i perioden 1. november 2021-31. august 2023. Prosjektet er finansiert av Noregs Forskningsråd (NFR), prosjektnummer 320475. 

Spørsmål om sjekklista eller studien kan rettas til prosjektleiar: 

Arvid Steinar Haugen, fagsjef og professor
Kirurgisk serviceklinikk, Haukeland universitetssjukehus
Telefon  55 97 24 55 | epost arvid.haugen@helse-bergen.no

Her kan du lese meir om prosjektet:
Pasientens helsetjeneste: Effekt og implementering av pasientenes kirurgiske sjekkliste - en stegvis kluster randomisert kontrollert studie​ - Norges forskningsråd


​Kontaktinformasjon

Kvalitetsrådgiver
Seksjon for pasientsikkerhet, FOU avd.
Hilde Valen Wæhle
Mobil: 920 86 090

Sist oppdatert 08.06.2022