-
Telefonfeil er rettet - alt fungerer som normalt.Telenor har nå fikset feilen i mobilnettet, og alle telefonlinjer inn til sykehuset fungerer som normalt.
Intensivmedisinsk seksjon
Intensivmedisinsk seksjon er ei serviceavdeling for alle avdelingar på Haukeland universitetssjukehus. Vi overvakar og gir avansert medisinsk behandling til alvorleg og kritisk sjuke. Ein intensivpasient har akutt eller trugande svikt i sentrale organfunksjonar, som til dømes pustefunksjon eller blodsirkulasjon.
Slik finn du fram
Oppmøtestad
Når du kjem inn hovudinngangen til Sentralblokka (0.etasje), må du ta heis eller trapper opp til 1.etasje. Avdelinga ligg på sørsida av Sentralblokka, følg skilt til Intensivmedisinsk seksjon.
Inngangsdøra til avdelinga er låst og du må ringje på for at vi skal kunne sleppe deg inn. Når vi svarer seier du kven du er og kven du skal besøkje. Nokon gongar brukar vi litt tid på å svare, prøv igjen om du ikkje får svar.
Bruk ringjeklokka til venstre for døra og følg den gule stripa på golvet for å finne fram til oss.
Sentralblokka
Haukelandsveien 22
5021 Bergen