Hausten 2003 blei ein liten dagkirurgisk seksjon oppretta ved Haukeland sjukehus. Viktige pasientgrupper som tradisjonelt var fleire dagar på sjukehus, fekk no eit dagtilbod. Behovet vart fort større, og hausten 2013 åpna derfor Dagkirurgen i nye flotte lokaler i 2. etasje i sentralblokka. Her har vi topp moderne utstyr og 6 flotte, lyse operasjonsstover.
Operasjonane
Ortopedi utgjer om lag 50 prosent av alle inngrep vi utfører. Innan dette reknar ein også rekonstruksjon av støttande band i kne - og skulderledd. DKS gir også service til endokrin-, gastrologisk-, urologisk- og plastikkirurgisk seksjon. Pasientar med brystkreft og sjukdommar i skjoldbruskkjertelen utgjer også ein del av pasientane våre.
Pasienten
Den enkelte pasient blir godt ivaretatt av tverrfaglege team med høg kompetanse. Sjukepleiar svarar på spørsmål som dukkar opp etter kvart, både før og etter operasjonen. Målet er tryggleik i alle ledd, og ei god oppleving.