Dei fleste barn fødd med spalte er friske barn som utviklar seg normalt.
I barneåra vil dei i større eller mindre grad ha behov for behandling, og i Noreg har vi heldigvis både god kompetanse og lang erfaring med behandling av desse barna.
Informasjon om behandling og oppfølging av barn med leppe-kjeve-ganespalte
To spalteteam
Her i landet er behandlinga av LKG sentralisert til to spaltesenter, eit i Bergen og eit i Oslo. I Bergen er behandlingsteamet set saman av mellom anna plastikkirurgar, kjeveortopedar, sjukepleiare, øyre-nase-hals-spesialistar, psykologar og logopedar. Saman med dykk vil dei sørgje for å gi best mogeleg behandling til barnet.
Kontaktinformasjon - behandlingsteam og nøkkelpersonell i Bergen
Å vere forelder
Foreldra til Emilian har laga denne filmen om sine opplevingar
i samband med sonens første operasjon.
Vi er takknemleg for at vi får lov til å dele den på våre sider: