Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Informasjon før du skal få laga til ein stomi

Ordet stomi er gresk og betyr opning. Å bli operert og få ein stomi inneber å få ei ny opning i kroppen. Denne opninga sit på magen, der det blir laga ei opning i bukveggen. I opninga blir ein tarmende trekt fram og sydd fast til huda. Ein stomi kan sjå ut som ein «rosenknopp» – raud, frå 2–4,5 cm i diameter, og han vil stikke ut cirka 0,3–2 cm over huda.

Stomiane har namn etter den tarmenden som er lagd ut.

  • Utlagd tjukktarm heiter kolostomi fordi tjukktarmen på latin heiter kolon (colon). Ein utlagd tjukktarm vil leie ut fast forma avføring. Ein tjukktarmsstomi kan vere permanent, men av og til er den mellombels.

  • Utlagd tynntarm heiter ileostomi fordi tynntarmen heiter ileum på latin. Frå ein ileostomi vil det komme laus til grøtt avføring. Ein tynntarmsstomi kan vere permanent, men av og til er den mellombels.

  • Det finst og stomiar som leiar ut urin. Desse er laga av ein tynntarmsbit, men blir kalla urostomi eller Brickerblære etter den kirurgen som kom på å operere på denne måten. Ein urostomi er alltid permanent.

Ein stomi har inga lukking. Det inneber at tarminnhald eller urin kan tømme seg frå stomien når som helst. Derfor må ein bruke ein stomipose. Posen blir festa til huda rundt stomien ved hjelp av ein hudvennleg kleber.

Posane har ulik utforming som passar dersom det er fast avføring, laus avføring eller urin posen skal samle opp. Posane finst som lukka og tømbare, i ulike størrelsar, med trekk i ulike fargar og med kolfilter for å sleppe ut luktfri tarmgass.

Kvifor blir stomi laga til?

I Noreg finst det over 20 000 menneske som til kvar tid lever med stomi.

Dette kan vere

  • babyar fødde med ufullstendig utvikla tarm
  • ungdommar med ein spesiell type betennelse i tarmen
  • godt vaksne som har hatt kreft i tarm eller blære
  • menneske i alle aldrar som av ulike grunnar ikkje lenger har normal kontroll over urin eller avføring

Stomi er noko som vanlegvis ikkje er synleg på utsida. Det er ikkje uvanleg å oppdage at nokon ein har kjent lenge også har stomi, om ein nemner at ein sjølv skal opererast.

Å bli stomioperert

Å bli operert og få stomi, opplever dei fleste som dramatisk og noko ein helst vil unngå. Dersom legen anbefaler stomioperasjon, er det fordi dette er den beste løysinga. Ein stomioperasjon kan bidra til at du blir frisk, eller får lindra plagsame symptom. Det finst studiar som viser at dei som lever med stomi som oftast har god livskvalitet.

Stomi er ei stor endring i livet når funksjonen til kroppen og utsjånad blir forandra. Dei fleste vil derfor trenge tid til å venne seg til den nye livssituasjonen. Dette er ei erfaringsreise der du gradvis går tilbake til dei aktivitetane du dreiv med tidlegare. For dei fleste tar det minst 6 månader å venne seg til å leve med stomi.

Førebuing til stomioperasjon og livet første tida etter operasjonen

Før operasjonen er det viktig at den som skal få stomi og dei aller næraste har fått god informasjon om

  • kva operasjonen går ut på
  • kva ein stomi er
  • kva konsekvensar dette kan ha for livet

Før ein operasjon bør du ha vore på ein eller fleire førebuingsdagar der du får snakka med både kirurg, narkoselege, sjukepleiar og stomi- og kontinenssykepleier.

I tillegg til denne informasjonen er det også veldig viktig at det blir markert kor på magen det er best at stomien blir plassert. Som oftast er dette nedst på magen, under navlenivå.

Kirurgi i magen blir oftast utført som kikhòlsoperasjon og det er vanleg å vere innlagd på sjukehus ei lita veke etter operasjonen. Det er derfor svært viktig å vere godt førebudd. Kvart sjukehus har eigne førebuingsrutinar til stomioperasjonen.

Å stelle stomien

Første dag etter operasjonen er det vanleg at sjukepleiar steller stomien. Du begynner samtidig å få opplæring i korleis stomien og huda rundt skal stellast og korleis stomiposen blir bytt. Målet er å meistre stomistellet og kunne utføre det sjølv før heimreise.

På sjukehuset vil sjukepleiar finne fram til den stomiposen som ser ut til å passe deg best, og som samtidig sit godt på huda. Dette utstyret blir bestilt enten heim eller til sjukehuset i samband med heimreise. Stomiutstyret bestiller du hos apotek/bandasjist og det blir dekt på blå resept.

Å leve med stomi

Det er vanleg å vere bekymra for korleis livet vil bli forandra etter ein stomioperasjon. Her vil vi nemne nokre forhold som mange har tankar omkring:

Mat og drikke

Dei fleste kan ete som før operasjonen, men med små justeringar. Alle som er opererte i buken bør vere varsame med mat som kan gi stopp i tarmfunksjonen. Dei som får ein ileostomi bør unngå mat som gir laus avføring, drikke godt og ete litt meir salt. Både ileostomi- og kolostomiopererte bør å avgrense mat som gir mykje tarmgass, sidan denne også vil komme ut i stomiposen. Detaljert informasjon om kosten er vanleg å få på sjukehuset, både skriftleg og munnleg.

Klede

Mange funderer på om dei må kjøpe nye klede – dette er sjeldan nødvendig. Stomiopererte kan nytte vanlege klede, også tettsittande. Somme menn finn det formålstenleg å gå over frå belte på buksa til bukseselar, og nokon føretrekker eit elastisk bind over stomiområdet.

Jobb og fritid

Det er veldig få jobbar ein ikkje kan fortsette i etter ein stomioperasjon, men enkelte kan trenge noko tilrettelegging. Etter ein bukoperasjon er det viktig å unngå tunge løft dei første tre månadene etter operasjonen. Deretter bør ein trene bukmusklane gradvis opp igjen. Dette blir anbefalt for å unngå brokkutvikling. Det er likevel veldig viktig å vere i aktivitet etter ein operasjon. Det er bra å gå tur, der ein kan auke lengda på turen gradvis.

Feriar til varme land kan ein halde fram med etter ein stomioperasjon. Da er det viktig å ha med rikeleg med stomiutstyr, og ha stomiutstyret i handbagasjen om ein flyg. Det er også fullt mogleg å bade, stomiposane er laga for å tole det.

Seksualitet

Det er og vanleg å tenke på om ein operasjon med tillaging av stomi vil verke inn på seksuallivet. Her er det viktig at ein partnar også får informasjon både i forkant og undervegs i behandlinga. I nokre tilfelle kan operasjonar langt nede i bekkenet gi endra anatomi og funksjon hos både menn og kvinner. Impotens hos menn kan i mange tilfelle vere mellombels.

Det er viktig med ein samtale med kirurgen om desse forholda slik at kvar enkelt får vite kva ein kan forvente etter operasjonen. Sjølve stomien er ikkje til hinder for å vere seksuelt aktiv, men det er vanleg å trenge tid for å bli kjent med «den nye kroppen sin» før ein slepper andre tett innpå seg. Nærleik og kjærleik er likevel spesielt viktig i eit sjukdomsforløp, så openheit og god kommunikasjon er noko ein bør prøve å få til.

Oppfølging

På dei fleste sjukehusa har ein i dag oppretta stomiklinikkar. Desse er betente av spesialutdanna sjukepleiarar, kalla stomi- og kontinenssjukepleiarar. Etter ein stomioperasjon er det vanleg med oppfølging på ein stomiklinikk etter 3 veker, 3 månader, 6 månader og 1 år. Etter denne tida kan den stomiopererte ta kontakt ved behov. Som stomioperert står du ikkje aleine i den nye livssituasjonen, men du vil få rettleiing, hjelp og støtte heile det første året. Ved konsultasjonar på stomiklinikkane er det fullt mogleg, og anbefalt, å ta med seg pårørande.

Mange stomiopererte synest også det er veldig nyttig å snakke med nokon som sjølv har levd med stomi og veit av eigenerfaring kva dette går ut på. Det finst pasientorganisasjonar både for dei med tarmstomi og dei med urostomi. Desse pasientorganisasjonane har likepersonar som det er mogleg å få kontakt med både før ein operasjon, mens ein er på sjukehuset, eller ta del i diverse aktivitetar i pasientorganisasjonen i ettertid.  

Sist oppdatert 07.01.2025