Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Stomiklinikken

På Stomiklinikken har vi først og fremst eit tilbod til pasientar som har vore innlagt eller er utgreia ved sjukehuset, men også andre kan ta kontakt.

Stomipose. Foto
 

Klinikken blir betjent av stomisjukepleiarar. Dette er spesialsjukepleiarar med kompetanse til å informere, rettleie og følgje opp pasientar som har stomi, gastrostomi, reservoar eller avføringsproblem.

Bestilling av time
Pasientar kan ringje direkte til stomisjukepleiar for å bestille time.

Telefonsvarar
Stomisjukepleiar arbeider både på sengepost og stomiklinikk. Når stomisjukepleiar er opptatt blir telefonsvarar brukt. Legg igjen telefonnummer og namn. Dei tar kontakt ved første anledning.

Den opererte pasient
Pasientar som har vore gjennom ein større operasjon kan oppleve endringar i kvardagen som kan vere krevjande å takle og treng å snakke om dette.

Stomiklinikken tilbyr hjelp til pasient og pårørande det første året etter operasjonen. Her får dei også rettleiing i stell av huda rundt stomi/reservoar og råd ved eventuelle lekkasjeproblem eller sår hud. Stomisjukepleiaren kan også gi forslag til kosthald som har gunstig innverknad på avføringa.

Val av utstyr
Her får pasienten oversikt over kva utstyr som er tilgjengelig for ulike behov og hjelp til å finne det som fungerer best.

Pasientar med avføringsproblem
Nokon er plaga med manglande kontroll på avføring. Dei kan få opplæring i å sette klyster, bruke analpropp eller elektrostimulering. Stomisjukepleiar kan også gi gode råd om kosthald ved kronisk diaré eller hard avføring.

Helse på nett

Kontakt

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Du finn du oss i 2. etasje i Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus.  Følg merking til Kirurgisk poliklinikk frå rulletrapp eller heis i Sentralblokka til ekspedisjonsluka i 2. etasje. Følg deretter gul stripe i golvet til venterom 1. Opningstid er kvardagar frå 10.00 - 17.00.
Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Kurs og møter

  • Stomi - Å leve med stomi
    Kurset gir kunnskap om diagnosen og støtte til mestring i kvardagen.
    Stomi - Å leve med stomi
    Dato kjem

Kostråd til deg som er operert

Vi får ofte spørsmål om kosthald frå pasientar som skal eller har gjennomgått ein tarmoperasjon. Her får du noken gode råd.
Sjå kostråda
En tallerken med mat