Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Gastrokirurgisk poliklinikk

Alle pasientar som kjem til poliklinikken er tilvist av primærlege/lege eller anna sjukehus. Poliklinikken sender brev direkte heim til pasienten om tid, stad og kva undersøkingar ein eventuelt skal gjennomgå.

Utgreiing
Etter at diagnose er stilt vurderer legen om ein vil ha nytte av kirurgisk behandling. Viss det blir planlagt operasjon vil ein del nødvendige undersøkingar bli gjort på førehand på poliklinikken.

Kontroll
Det er ein kirurg som vurderer om pasientar treng oppfølging på poliklinikken etter utskriving frå sjukehuset. Nokre opererte pasientar blir gjerne ønska inn til kontroll ein periode, andre går til kontroll hos eigen lege. Ein del pasientar med kronisk sjukdom blir jamleg undersøkt av spesialist på poliklinikken.

Kontakt

Telefon

Velg Gastrokirurgisk når du ringer 55 97 28 42

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Følg skilta frå heis eller rulletrapp til Kirurgisk klinikk, ekspedisjon, poliklinikkar. Poliklinikken ligg i Sentralblokka 2. etasje. Ta kontakt i ekspedisjonen når du kjem.

Logg inn for å endre time

Flyfoto av Sentralblokka

Sentralblokka

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Praktisk informasjon

I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal for publikum. Dei gjer klar resepten din medan du ventar der.

Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.

Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.

Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.​

Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derfor mellom anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.

Opningstider
Måndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00

Telefon 55 97 53 44
Telefaks 55 29 07 40
bergen@apotekene-vest.no

For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient