Tilvising frå lege
Alle pasientar som kjem til poliklinikken er tilvist av primærlege / lege eller anna sjukehus. Poliklinikken sender brev direkte heim til pasienten om tid, stad og kva undersøkingar ein eventuelt skal gjennomgå
Utgreiing
Etter at diagnose er stilt vurderer legen om ein vil ha nytte av kirurgisk behandling. Viss det blir planlagt operasjon vil ein del nødvendige undersøkingar bli gjort på førehand på poliklinikken.
Kontroll
Det er ein kirurg som vurderer om pasientar treng oppfølging på poliklinikken etter utskriving frå sjukehuset. Nokre opererte pasientar blir gjerne ønska inn til kontroll ein periode, andre går til kontroll hos eigen lege. Ein del pasientar med kronisk sjukdom blir jamleg undersøkt av spesialist på poliklinikken.
Endring av time
Treng du å endre tildelt time ringjer du poliklinikken for ny avtale eller logger inn. Gi beskjed så tidleg som mulig, det gir poliklinikken anledning til å utnytte sin kapasitet best mulig. Ved avbod same dag må det betalast eigedel.