Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Pasient nummer 500 er inkludert i CONCARDPCI studien

CONCARD PCI studien vart våren 2017 tildelt 6,6 millionar i driftsmidlar frå Helse Vest. Professor Tone M. Norekvål leier studien, som vert utført ved tre senter i Noreg og tre senter i Danmark. Hjarteavdelinga ved Haukeland Universitetssjukehus er modersenter for denne store studien som til saman skal omfatte 3000 pasientar. Den 8. januar 2018 vart ein spesiell dag for alle involverte, då pasient nr. 500 vart inkludert!

Publisert 11.01.2018
Odd Sveinung Tonning og prosjektkoordinator Nina Fålun
Odd Sveinung Tonning og prosjektkoordinator Nina Fålun

​Odd Sveinung Tonning frå Stryn vart flydd inn til Hjarteavdelinga for å få utført utblokking av kransårene for tredje gong. Som «erfaren» hjartepasient opplev han at han «flyt gjennom systemet» utan at nokon eigentleg fangar han opp.

Han syns han fått mangelfull oppfølging i etterkant – både mens han har vore innlagt på sjukehus og etter at han har kome heim.  Tonning ringte sjølv til lokalsjukehuset og etterspurte oppfølging, men fikk beskjed om at han var friskmeldt og ikkje trengte dette. Han opplev at han sjølv må gjera ein innsats, både for å få tilgang til helseinformasjon og for å få møte helsepersonell i etterkant av sjukehusopphalda.

Den lokale farmasøyten er den som har gitt han den mest nyttige informasjonen, spesielt om plagsame biverknader av medisinane han må ta dagleg. Tonning deltar difor meir enn gjerne i studien.

Han meiner at han, og fleire som han, kan gje innspel og komme med idear til korleis helsepersonell kan bidra til å gje dei betre oppfølging etter å ha gjennomgått eit hjarteinfarkt.

Les meir om CONCARD PCI studien