MIO er ein seksjon under Hjarteavdelinga ved Haukeland Universitetssjukehus, og har kapasitet til å behandle seks intensiv- og fire overvakingspasientar. Vi betener og ein EKG -overvakingssentral med moglegheit til å fjernovervake hjarterytmen til pasientar som er innlagd ved andre avdelingar. Kvart år tek vi i mot vel 3000 ambulanse-EKG-ar som tolkast, og vi gir medisinske råd til ambulansetenesta.
Seksjonen har nærare 70 intensivsjukepleiearar, samt 5 overlegar med kompetanse innan intensivmedisin, hjarte-, lunge-, infeksjon-, og nyresjukdommar. Legane samarbeider tett med andre spesialistar innan medisin, kirurgi og frå andre intensiveiningar ved sjukehuset. Til en kvar tid arbeider det også legar i utdanning for å bli spesialist i indremedisin, lungemedisin eller hjartesjukdommar.
Kontinuitet i pasientbehandlinga er eit viktig mål for eininga vår, og du som pasient eller pårørande vil oppleve å møte dei same intensivsjukepleiarane og legane gjennom opphaldet hos oss.