I nokre tilfelle vel ein å undersøke hjartet ved hjelp av CT eller andre spesialundersøkingar. Dette heftet tar for seg aktuelle behandlingar, førebuing og etterkontroll for dei som skal gjennomgå ein hjartekateterisering, og eventuelt skal behandlast med blokking av kransårene.
Hjartekateterisering og blokking av kransårene (pdf)
Hjarterytmeforstyrringar
Hjarterytmeforstyrring er ei fellesnemning for alle avvik frå den normale hjarterytmen - kalla sinusrytme. For at hjartet skal trekke seg saman og pumpe blod ut i organismen, må det stimulerast av elektriske impulsar.
I denne brosjyra finn du meir informasjon om ulike måtar å behandle dette på og førebuingar til inngrepa.
Hjarterytmeforstyrringar (pdf)
Medikamentell stressekkokardiografi
Dette er ei ultralydundersøkinga som er nyttig ved fleire tilstandar. Ved medikamentell stressekko får du medisinar som gjer at pulsen din aukar, samstundes som det blir tatt ultralyd.
Legen kan da observere korleis hjartemuskelen evnar å trekke seg saman i kvile og under pulsstiging. I denne brosjyra finn du meir informasjon om undersøkinga og kva førebuingar du må gjere.
Medikamentell stressekkokardiografi (pdf)
Rehabilitering etter hjartesjukdom
Etter akutt hjartesjukdom kan den første tida etter heimkomst vere vanskeleg å takle åleine. Mange treng hjelp til å kome attende til normal aktivitet.
Hjarteavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus har eit variert rehabiliteringstilbod som kan hjelpe deg å ta vare på eiga helse. Ved hjarterehabiliteringa møter du andre i same situasjon som du kan dele erfaringar med.
Gjennom kurset får du informasjon gjennom undervisning, video, gruppesamtale og individuelle samtalar. Det vil også vere fysisk trening under rettleiing. Hjarteavdelinga si oppgåve er å gi deg råd, informasjon og rettleiing, men du må og sjølv vere aktiv i di eiga rehabilitering.
I denne brosjyra finn du meir informasjon om kurset.
Rehabilitering etter hjartesjukdom (pdf)
Til deg som skal til hjarteoperasjon
Dette heftet er laga for å førebu deg til operasjonen, hjelpe deg gjennom den første tida etter operasjonen og i rekonvalesensperioden.
Informasjonen rettar seg først og fremst til deg som skal gjennom bypassoperasjon eller til deg som skal operere inn kunstig hjarteklaff. Brosjyren inneheld også generelle opplysningar som kan ha interesse for deg som skal gjennom andre former for hjarteoperasjon
Til deg som skal til hjarteoperasjon (pdf)
Til deg som skal til TAVI
Informasjon om Transkateter Aorta Ventil Implantasjon er forkorta til «TAVI». Behandlinga inneber innsetting av ny aortaklaff ved hjelp av kateter. Behandlinga kan vere aktuell for pasientar med trang aortaklaff (klaffen som fører blodet ut i hovudpulsåra). Ein tilstand også kalla aortastenose.
Brosjyra er laga for å førebu deg til inngrepet og hjelpe deg gjennom den første tida etter inngrepet
Til deg som skal til TAVI (pdf)