Kurstilbod
Kurstilboda er opne for pasientar og deira pårørande. Kursa er diagnoseretta og det krevjast tilvising for å delta. All kursaktivitet ved lærings- og meistringssenteret er gruppebasert med fokus på fag og erfaringsutveksling. Det arrangerast både frammøtekurs og digitale kurstilbod.
Sjå oversikt - kurs og opplæring for pasientar og pårørande
Brukarmedverknad
LMS er forankra i verdiane om brukarmedverknad og sidestilling av brukarerfaring og fagkunnskap. Læringstilboda vert utvikla i nært samarbeid med dei ulike fagmiljøa på sjukehusa og brukarorganisasjonane.
Erfarne brukarar har viktig kunnskap om korleis det er å meistre kvardagen med ein kronisk sjukdom eller funksjonsnedsetting. Erfarne brukarar kan óg vere familie og andre pårørande.
Både den faglege kunnskapen til helsepersonell og brukarane sin erfaringskunnskap er nødvendig for å utvikle gode læringstilbod. Læringstilbodet ved LMS skal ha brukarmedverknad i planlegging, gjennomføring og evaluering.
Brukarrepresentantanes arbeid honorerast gjennom gjeldande satsar ved Lærings- og meistringssenteret.
Les brosjyren for brukarrepresentantar (PDF)
Kurstilbod for pasientar på sjukehus og i kommunar
Kurs i sjukehus
I spesialisthelsetenesta blir det arrangert kurs i samarbeid mellom Lærings- og meistringssenteret og dei ulike kliniske avdelingane på sjukehuset. Alle kursa er diagnosespesifikke og det trengs ei tilvising for å delta. Kursa er for pasientar og deira pårørande.
Kurs og opplæring for pasientar og pårørande
Kontaktinformasjon
Lærings- og meistringssenteret
Telefon: 55 97 47 80
E-post: lms@helse-bergen.no
Kurs i kommunane
Kommunehelsetenesta arrangerer ulike diagnoseuavhengige kurs, samt kurs for dei vanlege livsstilssjukdommane.
Nokon kommunar har samla kursa i ein frisklivssentral/ eit frisklivs- og meistringssenter, medan hos andre blir kursa arrangert i dei ulike tenesteområda, som psykisk helse, ergo og fysioterapi, helsestasjon eller barne- og familietenesta.
Kursa i kommunen har som overordna mål å fremme helse og førebygge sjukdom. Til kurs i kommunen er det som regel ikkje nødvendig å bli tilvist av lege. Du kan ta direkte kontakt sjølv. Sjå nettsida til din kommune eller bruk kontaktinformasjonen på denne sida.
Det er variasjon i kva for kurs som arrangerast i dei ulike kommunane, og det vil vere tilbod innanfor områder som:
- støtte til å endre levevanar og mestre helseutfordringar
- hjelp til fysisk aktivitet, kosthald, snus og røykeslutt
- kurs i mestring av depresjon og belastning
Ta kontakt med din kommune for å få vete meir om kva som finst der.
Bergen kommune
Frisklivssentralen
Telefon: 53 03 53 85
E-post: frisklivssentralen@bergen.kommune.no
www.bergen.kommune.no
https://www.bergen.kommune.no/omkommunen/avdelinger/frisklivssentralen
Øygarden kommune
Friskliv og meistring
Telefon: 55 09 68 50
E-post: frisklivogmeistring@oygarden.kommune.no
https://www.oygarden.kommune.no/
https://www.oygarden.kommune.no/tjenester/helse-omsorg-og-velferd/friskliv-og-meistring/
Askøy kommune
Frisklivssentralen
Telefon: 40 91 46 60
E-post: friskliv@askoy.kommune.no
www.askoy.kommune.no
Bjørnafjorden kommune
Friskliv og meistring
Telefon: 97 04 00 52
E-post: kahn@bjornafjorden.kommune.no
Friskliv og meistring - Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no)
Samnanger kommune
Samnanger Friskliv – og frivilligsentral
Bjørkheim 28, 5652 Årland
Telefon: 56 58 74 57 / 40 40 76 33
E-post: frivilligsentral@samnanger.kommune.no
Alver kommune
Friskliv og meistring
Telefon: 40 91 04 88
Epost: frisklivogmeistring@alver.kommune.no
www.alver.kommune.no
http://www.alver.kommune.no/innhald/helse-sosial-og-omsorg/helsehjelp/friskliv-og-meistring/
Voss lokalsjukehusområde
Voss herad
https://voss.herad.no/tenester/helse-sosial-og-omsorg/forebygging-og-rehabilitering/friskliv-og-meistring/
Eidfjord kommune
https://www.eidfjord.kommune.no/tenester/helse-sosial-og-omsorg/pleie-og-omsorg/helsefremjande-aktivitetar/frisklivssentral/
Praktisk informasjon
Tilvising til kurs
Dei fleste kurs for pasientar og pårørande krev tilvising frå behandlande lege. Pårørande blir tilvist og registrert i pasienten sitt namn.
Skjema - Tilvising til lærings- og meistringskurs i Bergen (PDF)
Kursutgiftene er lik eigendel etter gjeldande takstar for pasientar, og er dei same ved digitale kurs og kurs med fysisk oppmøte. Det er gratis ved frikort. Pårørande som er i følgje med pasient betaler ikkje eigendel.
Avbestilling av kurs må skje seinast 24 timer før kursstart. Ved manglande oppmøte til avtalt kurs, blir du belasta gebyr etter gjeldande satsar. Dette gjeld óg om du har frikort.
Les meir om eigendelar og frikort på helsenorge.no
Behov for tolk
God kommunikasjon og gjensidig forståing er grunnleggande i møtet mellom pasient og helsepersonell. Lik tilgang til helse- og omsorgstenester av god kvalitet er i mange tilfelle avhengig av at informasjon og kommunikasjon er lagt til rette for ved hjelp av tolking.
Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient
Lunsj
Enkel lunsj blir servert på alle heildagskurs.
Rettar for pasientar og pårørande ved kurs og opplæring
Opplæring av pasientar og pårørande er ei av sjukehuset sine fire lovpålagte hovudoppgåver, på linje med diagnostisering og behandling, forsking og utdanning av helsepersonell.
Pasientar og pårørande har ulike rettar knytt til deltaking i kurs og opplæring, mellom anna i forhold til utgifter til reise og opphald, kostpengar og opplæringspengar ved opplæring i grupper. Pasientar har også rett til val av behandlingsstad.
Les meir om pasient- og pårøranderettar
Reiseutgifter
Dekking av utgifter til reise-, kost- og overnatting skal avtalast så snart som mogleg etter at du har fått innkalling til kurs. Ring Pasientreiser på telefonnummer 05515 - for meir informasjon sjå nettsida www.pasientreiser.no
Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen held til etasje 0 (Foajeen) i Sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus.
Brukarar med særlege behov for transport kan ha rett på rekvisisjon til pasientreise. NB: Drosje tur-retur må tingast seinast dagen før på telefon. Hugs å ta vare på alle kvitteringar.
Parkering
Det er eit fåtal parkeringsplassar i 1. etasje i Ulriksdal helsepark. Parkeringssystemet les bilskiltet ditt når du køyrer inn og ut. Betaling skjer via app eller på automat. Det er også parkeringsplassar i parkeringshusa til Ulriksdal, Haraldsplass diakonale sykehus og Haukeland universitetssjukehus.
Kontakt oss
Lærings- og meistringssenteret i Bergen
Ulriksdal Helsepark, 4. etasje
Adresse: Ulriksdal 2, 5009 Bergen
Telefon: 55 97 47 80
E-post: lms@helse-bergen.no