Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Praktisk informasjon om Nyføddintensiv

Informasjon om måltid, besøk, parkering og dekning av utgiftar for pårørande.

Dersom begge foreldra mottar pleiepengar som følgje av at barnet er under behandling, vil begge få måltida på sjukehuset. Måltida blir servert i daglegstova for foreldre i U2 i Glasblokkene. Nokre barn kan vere med på opphaldsstova, anten i beresjal eller i senga si. Avklar dette med ansvarleg sjukepleiar. I 1. etasje er det ein kafé med sal av varm og kald mat, open for alle. Det finst også automat der ein kan kjøpe mat og drikke fleire stader i bygget.

 

Måltidene i dagligstuen på nyfødt blir servert:

Frokost: 08.00-09-00

Lunsj: 11.30-12.30

Middag: 15.00-16.00

Kvelds: 19.00-20.00

 

Vi oppmoder om at tidene overhaldas så langt som mogleg.

Pleiepengar 

Foreldre med rett til sjukepengar har rett på pleiepengar frå NAV under sjukehusinnlegginga. Begge foreldre får pleiepengar så lenge det er behov for å ha to til stades.

Reiseutgifter

Ved innleggingar har foreldre rett til å få dekka reiseutgifter. Etter 14 dagar kan ein av foreldra få dekka ei heimreise per veke. Heimreisa blir dekka i etterkant. Skjema og medfølgande kvitteringar skal sendast elektronisk til Pasientreiser via helsenorge.no. Pasientreiser kan og kontaktast på telefon 91 50 55 15. 

Sosionom:  

Når sjukdom eller skade endrar kvardagen kan du be avdelinga om tilvising til sosionom. Tilbodet er til deg som: 

  • har utfordringar med daglegliv, studiar eller arbeidsliv. 

  • har behov for orientering om ulike velferdsordningar og offentlege tilbod 

  • har barn som er pasient eller barn som er pårørande.  

 

Vi tilbyr: 

  • Råd og rettleiing på område som økonomi, bolig, arbeid, utdanning, praktisk bistand og bistand ved rusavhengigheit.  

  • Orientering om barn sine rettar som pasient eller pårørande. 

  • Etablering av kontakt med hjelpeapparatet utanfor sjukehuset. 

  • Støttesamtale for pasientar og pårørande.  

Nær familie og vener er velkomne på besøk, også for å avlaste foreldre som har behov for det. På Nyføddintensiv må alle besøkande vise ekstra omsyn til barnets behov. Avtal besøk med sjukepleiaren som passar barnet ditt, slik at det tilpassast barnets behov og eventuelle planar for undersøkingar eller anna. Vi ønskjer først og fremst at besøkande første gong alltid er i følgje med mor eller far til barnet.

Søsken og smittefare - Søsken er velkomne, men i periodar om vinteren er det stengt for søsken under skulealder på grunn av generell smittefare. Infeksjon med RS-virus er mest vanleg dei første leveåra hos barn (0-5 år) og er ein hyppig årsak til luftvegsinfeksjonar hos spedbarn og små barn. Forbodet er innført for å beskytte dei nyfødde ekstra godt.

Hygiene - Vi ber alle besøkande om å utvise god handhygiene, som er det viktigaste førebyggjande tiltaket mot infeksjonar. God handhygiene betyr handvask før du rører barnet, i tillegg til berre armer under albuen.

Dersom de er på fleirsengsrom, ber vi om at besøkstidene mellom kl. 17.30-18.00 blir overhaldne. Det er også redusert moglegheit til mobilbruk på grunn av hygiene og støy.

Utanom besøkstida kan de ta imot besøkande på avdelinga si opphaldsstove eller i minglearealer i 1. etasje.

Dersom ein pasient er på sjukehuset i sju dagar eller meir, har pasienten / pårørande rett til parkering til redusert pris i 1 til 2 veker, for inntil 3 bilar. Prisen er 350 kroner per veke per bil. Avdelinga fyller ut skjema som bekreftar din rett til redusert parkeringsavgift. Spør sjukepleiar eller postsekretær om dette. Du tek med skjema til resepsjonen i Sentralblokka, og dei vil hjelpe deg vidare med parkering på sjukehuset. ​

Sist oppdatert 22.12.2023