Besøk og kontakt
På Barne- og ungdomsklinikken har vi ope for besøk heile døgnet. Barnet har rett til å ha ein omsorgsperson hos seg under heile sjukehusopphaldet.
Kjærkomen avveksling
Sjuke barn har behov for tryggleik og ro, men litt fart og humor kan vere ei kjærkomen avveksling. Besøk av vener og klassekameratar kan gjere godt og hjelpe til at dei trivst, veks og blir friske.
Foreldreinformasjon frå Den norske barnelegeforeningen
Smittefare
Dersom barnet har vore i kontakt med nokon som har eller har hatt vasskoppar siste tre veker, er det svært viktig å ta kontakt med Barne- og ungdomsklinikken på førehand.
I periodar med epidemiske virusinfeksjonar, kan søsken få mindre moglegheit til å kome på besøk. Søsken eller andre barn som nyleg har hatt smittsame barnesjukdommar, eller har pågåande infeksjonssjukdom, kan ikkje kome på besøk. Ta kontakt med personalet på posten der barnet er innlagt for avklaring av dette.
Overnatting
Ein av barnet sine foreldre / pårørande kan overnatte saman med barnet eller på eige rom på Barne- og ungdomsklinikken.
Sosiale media
For å beskytte barn og personale er det strenge reglar for fotografering på Barne- og ungdomsklinikken. Dersom du ønskjer å leggje ut bilete der andre personar er med, må du hugse å spørje først.
Tenk gjennom kva du legg ut på internett og hugs at det blir verande der også når barnet veks opp. For meir informasjon og gode råd om sosiale media viser vi til Datatilsynets brosjyre «I beste mening».
I beste mening - brosjyre (pdf)Barneombudet