Alle pasientar under 18 år som skal leggast inn på Barne- og ungdomsklinikken blir tatt imot hos oss i Mottak. Vi har ansvar for å ta innkomstjournal og å stabilisere pasientar med akutte tilstandar.
Ein del pasientar reiser heim direkte frå mottaket. Dei som har behov for innlegging, blir flytta vidare til respektive sengeeiningar.
Du finn oss i 1. etasje på Barne- og ungdomsklinikken i Marie Joys' hus.
Nord for sjukehuset, sør for Haukeland, Ibsensgate og Haukelandsveien.
Nærmaste stoppestad til Haukeland er Kronstad bybanestopp. Det tar om lag ti minutt å gå frå stoppet til sjukehuset.
Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no
Sjekk nettsida til Flybussen for meir informasjon om ruter og prisar
Det går flybuss frå Bergen Lufthavn Flesland til Haukeland Hotel/Pasienthotellet kvar time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 alle kvardagar, med avgang fem over kvar heile time. OBS: dette tilbodet finnst ikkje i helger og høgtider.
Du nyttar vanleg flybuss frå Flesland til Bystasjonen. På Bystasjonen byttar du over til ein minibuss godt merka med flybuss-logo. Denne bussen køyrer deg til Haukeland hotell.
Frå Haukeland hotell/Pasienthotellet går det minibuss fem over kvar heile time mellom kl. 09.00 og kl. 15.00 for å ta med reisande som skal til flyplassen. Bussen kjører til Bystasjonen, der er det overgang til den ordinære flybussen. Turen frå Haukeland til Flesland tar totalt 45 minutt.
Siste avgang frå Haukeland hotell er klokka 15.05.
Klokka 09.50 og klokka 13.50 startar flybussen ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka. Bussen står då ei kort stund på dei reserverte plassane til helsebussane (rett ved drosjehaldeplassen i Sentralblokka) for av- og påstiging før han køyrer vidare til Haukeland hotell for avgang fem over.
Flybussen har både barnesete, rullestolplass og heis. Om du treng ekstra hjelp til å bytte frå minibussen til flybussen, får du det av sjåføren.
Pårørande til pasientar som kjem mellom kl. 23.00 og kl. 07.00, køyrer til Marie Joys' hus og tar kontakt med resepsjonen i 1. etasje. For andre gjeld parkering for pasientar / pårørande som for resten av sjukehuset.
I foajeen i Sentralblokka på Haukeland finn du eit apotekutsal. Dei gjer klar resepten din medan du ventar.
Apotekutsalet har eit variert varetilbod, og fører dei legemidla sjukehuset nyttar i behandlinga. Dei skaffar også legemiddel som ikkje er marknadsførte i Noreg eller som må produserast spesielt. I tillegg har dei hudpleie- og hygieneartiklar og ernæringsprodukt, samt andre apotekvarer og sjukepleieartiklar.Dei ansatte ved apoteket gir deg informasjon, råd og rettleiing om legemiddel og legemiddelbruk og kan tilby samtale/rettleiing mellom personale og pasient på eit uforstyrra samtalerom. Dei tilbyr og opplæring i blodsukkermåling og bruk av inhalasjonspreparat.Apoteket tar også i mot gamle legemiddel til destruksjon.
Du kan betale med Vipps på apoteket. Du kan derforblant anna betale på førehand når du skal hente bestilte medisinar.
OpningstiderMåndag-fredag kl. 08.30-18.00, laurdag kl. 09.00-13.00
Telefon 55 97 53 44Telefaks 55 29 07 40bergen@apotekene-vest.no
For meir informasjon - sjå nettsida til Sjukehusapoteka Vest
Under smittesituasjonen med koronaviruset har vi avgrensa talet på besøkande til sjukehuset.
Les mer om besøk på sjukehuset
Ein av foreldra blir tilbydd overnatting på Barne- og ungdomsklinikken, enten på rom saman med barnet eller på eige foreldrerom. Personalet ordnar dette den dagen barnet blir lagt inn.
Barnet har rett til å ha ein omsorgsperson hos seg under heile sjukehusopphaldet, og vi anbefaler at du er hos barnet så mykje du kan. Hugs at barn som er sjuke treng ekstra tryggleik og nærleik til sine næraste.
Mange sjuke barn, og særleg dei for tidleg fødde barna, har nedsett immunforsvar og er dermed meir utsett for å få infeksjonar enn friske barn. Av denne grunn er det viktig å førebygge infeksjonar så godt som mogleg gjennom god handhygiene og ryddige rom.
Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.
Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.
Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:
Barn og ungdom t.o.m. 15 år (Innlegging for Diabetes, Epilepsi og IBD går opp til 18 år ved BUK) med mistanke om medisinsk tilstand som treng øyeblikkeleg hjelp, skal tilvisast Barne- og ungdomsklinikken. Før innlegging er det mogleg å konferere med Pediatrisk bakvakt:Ring 55975000 og be om å få snakke med bakvakt på Barne- og ungdomsklinikken. Barn/ungdom som kan køyre i drosje eller privatbil, skal meldast direkte til resepsjonen på BUK:Ring 55973393 Barn/ungdom som treng ambulanse, skal meldast via AMK.Ring 113 Dersom lege eller ambulanse ønsker direkte kontakt med nokon i mottaket for å gi oppdateringar undervegs ring 55971410.
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.