Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Rehabiliteringsrådgivar tilstades

Vi hjelper deg å sjå moglegheitene. Rehabiliteringsrådgivar frå Noregs Blindeforbund er tilstades i Augeavdelinga annakvar onsdag for råd og rettleiing til pasientar og pårørande.

Briller liggende på en synstavle

​Rehabiliteringsrådgivarane har sjølv erfaring med at synet sviktar, og tilbyr informasjon og rettleiing om moglegheiter og rettar. Tilbodet er eit lågterskeltilbod, her kan du ta uformell kontakt utan nokon tilvising.

 
Om du ikkje treff dei når du er på Augeavdelinga har dei også ei postkasse i venterommet i 1.etg - her kan du legge igjen ein lapp med ønske om å bli kontakta. Rådgivaren kjem også gjerne på heimebesøk etter nærare avtale
 
 
 
 
 

Desse dagane treff du oss på Augeavdelinga kl 10-14

Ons 17.01.2024  
Ons 31.01.2024  
Ons 14.02.2024   
Ons 28.02.2024   
Ons 13.03.2024   
Ons 27.03.2024  
Ons 10.04.2024   
Ons 24.04.2024
Ons 08.05.2024
Ons 22.05.2024
   
 

Kontaktinformasjon

Rehabiliteringsavdelingen Vestlandet:
Telefon:  55336955
Epost: rehab.vest@blindeforbundet.no

Besøksadresse:
Lille Markeveien 18, 5005 Bergen​

Sist oppdatert 16.01.2024