Augeavdelinga har ein stor poliklinikk i Augebygget der pasienter kjem for utgreiing, undersøkingar og dagbehandling. Vi har også fleire operasjonsstover og dagkirurgisk behandling.
Pasientar som skal innleggast, møter først i Augebygget og går seinare til sengeposten vår i 5. etasje, nord i Sentralblokka. Namnet på sengeposten er Hovud-hals, kjeve og auge.
I tillegg til pasientbehandling, underviser vi studentar og utdannar augespesialistar for framtida. Som pasient kan du difor bli spurd om å delta i undervisninga.
Avdelinga arrangerer fleire Lærings- og mestringskurs kvart år for pasientar og pårørande. Avdelinga driv forsking på høgt internasjonalt nivå.
Som pasient møter du eit tverrfagleg helsepersonell når du treng vårt behandlingstilbod. Det er kring 100 medarbeidarar i avdelinga; legar, sjukepleiarar og hjelpepleiarar, helsesekretærar og anna personell som fotograf, optikar og ortoptist samt reinhaldspersonell. Dei er alle opptekne av å gje deg god service, behandling og pleie. Opplever du noko anna, så gjev oss beskjed!
Avdelinga arbeider saman med andre avdelingar på sjukehuset. Andre viktige samarbeidspartnarar er fastlegar, avtalespesialistar og andre augeavdelingar i Helse Vest. I tillegg kjem
statlege, kommunale og fylkeskommunale aktørar og interesseorganisasjonar.
Leiinga hos oss
Kjetil Sævartveit, avdelingsdirektør
Frank Jenssen, avdelingsoverlege
Lin Merete Torgersen, kontorleiar
Ingebjørg Fluge, ass. avdelingssjukepleiar, poliklinikk og dagkirurgi
Olaug Nordvik, konst. avdelingssjukepleiar operasjon
Louise Løken, konst. avdelingssjukepleiar prepost
Kontoreininga
Vi som jobber på kontoreininga ved Augeavdelinga er som oftast dei som møter pasientane våre først. Vi er opptekne av at du får eit godt første møte med oss, både når du kjem på avdelinga og når du treff oss på telefonen.
Vi samarbeider med alle faggrupper på Augeavdelinga og er i kontakt med både interne og eksterne servicepartnarar. I tillegg har vi ansvar for alle merkantile tenester på avdelinga.
Eining for legar
Medisinsk faglig ansvarlig: Avdelingsoverlege Frank Jenssen.
1. Seksjon for barneoftalmologi: Seksjonsoverlege Olav Haugen. Handsamer sjukdommar hos barn; til dømes skjeling.
2. Korneaseksjon: Seksjonsoverlege Nils Bull.
Utgreier og handsamer dei fleste sjukdommar i hornhinna (kornea).
3. Kataraktseksjon: Seksjonsoverlege Karin Wiese-Haugland.
Utgreier og opererer grå stær (katarakt) poliklinisk.
4. Glaukomseksjon: Seksjonsoverlege Hildegunn Halvorsen.
Handsamer og utgreier glaukom (grøn stær) i ulike stadium av sjukdommen. Utfører ulike laser- og kirurgiske prosedyrer.
5. Seksjon for medisinsk retina (netthinne): Seksjonsoverlege Morten Hove.
Handsamer ein stor gruppe pasientar med våt makuladegenerasjon og pasientar med ulike andre sjukdommar i bakre del av auget
6. Seksjon for kirurgisk retina: Seksjonsoverlege Pål Varhaug.
Utgreier og handsamer dei kirurgiske sjukdommane i netthinna, til dømes netthinneløysning.
7. Okuloplastisk/Orbitaseksjon: Seksjonsoverlege Dag Einar Lysebo.
Opererer ymse tilstandar på augelokka og tårevegar. I tillegg utgreier og handsamer pasientar med lidingar i augehola