Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Opning av forskingssenteret C-MYC: KG Jebsen Senter for myeloid blodkreft

11.
september
2024
2 dagar
  1. 11. sep. 2024
  2. 12. sep. 2024

Tid og stad

Når

  1. 11. sep. 2024
  2. 12. sep. 2024

Kvar

Grand Bergen Selskapslokaler, Nedre Ole Bulls plass 1, 5021 Bergen

Behandling av aggressive kreftformer mislykkast ofte. Pasientar som ikkje responderer på behandlinga, blir først identifiserte fleire veker eller månader etter behandlingsstart, basert på måling av tumorbelastning.

Det nye senteret C-MYC vil arbeide for å endre dette, og bruke mykeloid blodkreft som modell for eit paradigmeskifte i diagnostikk og behandling. Tumordiagnostikk vil utviklast til funksjonell profilering av enkeltceller, slik at ikkje-respondere kan identifiserast innan timar eller dagar, i staden for veker eller månader.

Dei fleste kreftmedisinar styrer lagnaden til tumorceller mot celledød, differensiering, transdifferensiering, kviletilstand og aldring. Med dagens diagnostikk kan denne informasjonen om cellelagnad ikkje blir henta ut. Senteret C-MYC vil bruke måling av cellelagnader for å identifisere ikkje-respondere og optimalisere behandlinga.

C-MYC vil samle grunnforskarar og kliniske forskarar for å utvikle nye diagnostikk- og terapikonsept for framtidige kliniske studiar i eit 5-årig prosjekt støtta av Stiftelsen KG Jebsen.

Vertskap for senteret C-MYC er Universitetet i Bergen, i samarbeid med Haukeland universitetssjukehus og Universitetet i Oslo. C-MYC blir opna 11. september i Bergen, med både eit ope vitskapleg symposium og eit pasientretta møte saman med Blodkreftforeningen 12. september.

Program (engelsk)

Blodkreftforeningen og C-MYC inviterer til seminar: Seminar: Seinskadar etter allogen stamcellebehandling - Blodkreftforeningen

Om stiftinga KG Jebsen: https://stiftkgj.no/