Voss Sjukehus

 
 

Kontakt

Besøksadresse
Sjukehusvegen 16 (Google maps)
5704 Voss
Telefon
56 53 35 00

Slik kjem du til Voss sjukehus

Bil

Reisetid til Voss frå:

  • Bergen med bil, ca. 1 t 30 min.
  • Flesland med bil, ca. 1 t 45 min.
  • Stavanger med bil, ca 6 t 30 min.
  • Oslo med bil, ca 6t 30min

Buss

​​Kjem du frå Hardanger eller Sogn, er buss ein alternativ reisemåte:

Det går buss frå sentrum til sjukehuset. Rute 965 stoggar ved sjukehuset og Rute 964 stoggar i Ringheimsvegen, nokre minutt gåtid frå sjukehuset. For nærare informasjon om rutetider, sjå Skyss sin ruteplanleggar  for rutene 964 Ringebuss Skjerpe/Sivlevegen og 965 Sentrumsringen. 

Parkering på sjukehusområdet

​​Det er parkeringsavgift på sjukehusområdet på kvardagar mellom kl. 07.00 og 18.00.

Prisar 

Kr 15 ,- pr. time og kr 40,- pr. døgn. Langtidsparkering inntil 7 døgn er mogleg. 
Du kan betale med kort, kontant eller mobil.

Sjukehuset har ikkje tilbod om lading av el-bilar for pasientar. Ladestasjonar finn ein i sentrum ved Rokneparken (nær togstasjonen), i parkeringshuset Vossapark og i Strandavegen .  

Taxi

​​Voss Taxi
Telefon ​56 51 13 40​

Tog

​Voss ligg ved Bergensbanen og det går hyppig tog mellom Voss og Bergen. 

Reisetid til Voss frå: 

  • Oslo med tog, ca. 5 t 30 min.
  • Bergen med tog, ca 1t og 20min

Informasjon om togtider finn du på NSB sine nettsider.

Praktisk informasjon

Besøkande ved Voss sjukehus

Kontakt personalet dersom du kjem utanom visittid eller vedkommande pasient er isolert. Nokre viktige hugsereglar:

  • Ta ikkje med potteplantar til pasientar.
  • Unngå å sitje på sengekanten, bruk stol.
  • Vær nøye med hygiene, vi tilrår vask av hendene etter besøk hjå inneliggjande pasientar.

Besøkstider ved Voss sjukehus

​​​Generell besøkstid
​15:00 - 16:00 og 18:00 - 19:00

Intensivavdeling
​Vend dykk i vaktrommet for avtale om besøk​

Føde-/barselavdelinga
Fast kviletid mellom kl. 12.00 - 15.00 - ingen visitt i dette tidsrommet.
Pappa og ev. syskjen kan koma på visitt heile dagen fram til kl. 20.00​, utanom i kviletida

Andre besøkande:
kl. 15.00 - 16.00
kl. 18.00 - 19.30

Kven møter du på sjukehuset

Her finn du litt informasjon om kven du vil møte, og litt om kva reglar som gjeld for deg som pasient når du er innlagt på sjukehus.

​​Pasientar som blir innlagt for øyeblikkeleg hjelp har ikkje moglegheit til å planlegge sjukehusopphaldet. Men dersom du mottar innkalling på førehand, kan det vere greit å førebu seg litt.

Personalet har namneskilt med tittel, slik at du skal kunne sjå kva yrkesgruppe kvar enkelt tilhøyrer. Du kan sjølvsagt også spørje vedkomande direkte viss du er i tvil om kven du møter. Her er ei liste over dei yrkesgruppene du vanlegvis vil møte på sjukehuset:
​​​

  • Lege ​og sjukepleiar har hovudansvaret for deg når du er innlagt på sjukehus​
  • ​Bioingeniør kjem til avdelinga kvar morgon for å ta blodprøvar eller andre prøvar
  • Radiograf førebur og utfører CT-, MR- og røntgenundersøkingar av deg på Radiologisk avdeling.
  • Fysioterapeut hjelper deg med å førebygge funksjonsvanskar som følge av for eksempel operasjonar. Kan også hjelpe deg med å få tilbake tapt bevegelsesevne, eller til å lære deg å leve vidare med endra funksjonsnivå.
  • Ergoterapeut hjelper deg med å fungere best mogleg i dagleglivet etter skade og sjukdom, og legg til rette praktisk hjelp.
  • Sosionom gir deg informasjon om forskjellige hjelpetiltak og kan formidle kontakt med aktuelle instansar, for eksempel helse- og sosialetaten eller pasientombodet.
  • Klinisk ernæringsfysiolog hjelper deg å leggje om kosthaldet dersom nødvendig.
  • ​Studentar og spesialistkandidatar. Voss sjukehus er ein del av Haukeland universitetssjukehus, som årleg utdannar eit par tusen helsearbeidarar. Det betyr at studentar og spesialistkandidatar av og til er med i samband med undersøkingar, pleie og behandling under opphaldet. Dette ber vi deg vere merksam på og ha forståing for.
  • Pasientvenner. På nokre avdelingar vil du møte pasientvenner frå Røde Kors.​​​

Akuttmottak og legevakt Vosshttps://helse-bergen.no/avdelinger/voss-sjukehus/operasjon-og-akutteininga-vossAkuttmottak og legevakt Voss
Blodbanken Haukelandhttps://helse-bergen.no/avdelinger/laboratorieklinikken/immunologi-og-transfusjonsmedisin/blodbankenBlodbanken Haukeland
BUP Vosshttps://helse-bergen.no/avdelinger/psykisk-helsevern/psykisk-helsevern-for-barn-og-unge/bup-vossBUP Voss
Dialyseavdelinga Vosshttps://helse-bergen.no/avdelinger/voss-sjukehus/medisinsk-avdeling-voss/dialyseavdelinga-vossDialyseavdelinga Voss
Fysioterapi Vosshttps://helse-bergen.no/avdelinger/voss-sjukehus/medisinske-stottetenester-voss/fysioterapi-vossFysioterapi Voss
Føde poliklinikk Vosshttps://helse-bergen.no/avdelinger/voss-sjukehus/fodeavdeling-voss/fode-poliklinikk-vossFøde poliklinikk Voss
Fødeavdeling Vosshttps://helse-bergen.no/avdelinger/voss-sjukehus/fodeavdeling-vossFødeavdeling Voss
Kirurgisk 5-døgnspost Vosshttps://helse-bergen.no/avdelinger/voss-sjukehus/kirurgisk-5-dognspost-vossKirurgisk 5-døgnspost Voss
Kirurgisk sengepost Vosshttps://helse-bergen.no/avdelinger/voss-sjukehus/kirurgisk-sengepost-vossKirurgisk sengepost Voss
Medisinsk avdeling Vosshttps://helse-bergen.no/avdelinger/voss-sjukehus/medisinsk-avdeling-vossMedisinsk avdeling Voss
Medisinsk, kirurgisk og gynekologisk poliklinikk Vosshttps://helse-bergen.no/avdelinger/voss-sjukehus/operasjon-og-akutteininga-voss/medisinsk-kirurgisk-og-gynekologisk-polikllinikk-vossMedisinsk, kirurgisk og gynekologisk poliklinikk Voss
Medisinske støttetenester Vosshttps://helse-bergen.no/avdelinger/voss-sjukehus/medisinske-stottetenester-vossMedisinske støttetenester Voss
Operasjonsavdelinga Vosshttps://helse-bergen.no/avdelinger/voss-sjukehus/operasjon-og-akutteininga-voss/operasjonsavdelinga-vossOperasjonsavdelinga Voss
Psykiatrisk rehabilitering - PRT Vosshttps://helse-bergen.no/avdelinger/voss-sjukehus/psykiatrisk-rehabilitering-prt-vossPsykiatrisk rehabilitering - PRT Voss
Psykisk helsevern for barn og unge, BUP Vosshttps://helse-bergen.no/avdelinger/voss-sjukehus/psykisk-helsevern-for-barn-og-unge-bup-vossPsykisk helsevern for barn og unge, BUP Voss
Rehabilitering og tverrfaglege tenester Vosshttps://helse-bergen.no/avdelinger/voss-sjukehus/medisinske-stottetenester-voss/rehabilitering-og-tverrfaglege-tenester-vossRehabilitering og tverrfaglege tenester Voss
Røntgen Vosshttps://helse-bergen.no/avdelinger/voss-sjukehus/rontgenavdelinga-vossRøntgen Voss
Sosionom Vosshttps://helse-bergen.no/avdelinger/voss-sjukehus/medisinske-stottetenester-voss/rehabilitering-og-tverrfaglege-tenester-voss/sosionom-vossSosionom Voss
Voss sjukehushttps://helse-bergen.no/avdelinger/voss-sjukehusVoss sjukehus


Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel e-post, telefonnummer eller personnummer.