Danmarksplass

Kronstad

Kronstad distriktspsykiatriske senter (DPS) opna dørene i 2013, og ligg sentralt plassert like ved bybanestoppet på Danmarksplass. Bygget har eit areal på 11 700 kvadratmeter, og vann Bergen kommune sin Arkitektur- og byformingspris i 2013.

Tilkomst frå Ibsens gate dersom ein nyttar bil.
Hovudinngang med tilkomst frå bybanestopp Danmarksplass.

Slik finn du fram

Adresse

Fjøsangerveien 36
5054 Bergen

​​​Nærmaste stoppestad er Danmarksplass bybanestopp som du finn rett utanfor Kronstad DPS.  

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

​​Ved Kronstad DPS kan ein parkere i garasjeanlegg i underetasjen. Innkøyring er frå Ibsensgate ved nordenden av Krohnsminde idrettsplass. Ved betaling kan ein bruke både kontantar eller kort. Alternativ parkering er i Solheim parkeringshus i Solheimsgaten.

Praktisk informasjon

​Danmarksplass Apotek ligg i same bygget som Kronstad DPS like ved bybanestoppet på Danmarksplass. 

Apoteket er ope måndag-fredag kl. 09-18, laurdag kl. 10-15, og har telefon 55 59 15 00. 

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din. 

Visittiden ved Kronstad DPS er frå kl. 17.00 til 20.00.