Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
  • Telefonfeil er rettet - alt fungerer som normalt.
    Telenor har nå fikset feilen i mobilnettet, og alle telefonlinjer inn til sykehuset fungerer som normalt.

Østre Nesttunvegen 2

Østre Nesttunvegen 2 er ein del av Nesttun senter. Bygget er like ved Nesttun bybanestopp. Her heldt Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering til.

Kompetansesenteret driv forsking, fagutvikling, nettverksbygging og undervisning innan habilitering og rehabilitering i Helse Vest. Senteret er også tillagt funksjonane Regional koordinerande eining for habilitering og rehabilitering og Regional vurderingseining for rehabilitering.

Slik finn du fram

Adresse

​Nærmaste stoppestad er Nesttun terminal.
Rutetabellar finn du på Skyss.no.

Praktisk informasjon

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.