Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
  • Telefonfeil er rettet - alt fungerer som normalt.
    Telenor har nå fikset feilen i mobilnettet, og alle telefonlinjer inn til sykehuset fungerer som normalt.
Inngangsparti Øyane DPS. Foto

Straume på Sotra

Blombakkane 75

Øyane distriktspsykiatriske senter (DPS) held til i Blombakkane 75 på Straume. For å kome hit tar du inn vegen ved Helsehuset (vis-a-vis kommunehuset) og fortsett rett fram opp til toppen av bakken. Her ligg Blombakkane 75.

Eksteriør Øyane DPS. Foto
Innkøyrsel til Øyane DPS.
Inngangsparti Øyane DPS. Foto
Hovudinngang til Øyane DPS

Slik finn du fram

Adresse

Blombakkane 75
5353 Straume

​Det går regelmessig buss til og frå Straume terminal på dagtid. Det er om lag 10-15 minutt å gå frå terminalen til våre lokale. 

Sjekk ruteplanleggaren til Skyss for ruter, haldeplassar og avgangstider​

​Det er gratis parkering for pasientar på plassen rett utanfor Øyane DPS. 

Praktisk informasjon

På formiddagen kan ein kjøpe ferdigsmurte rundstykke ved kantinene ved Øygarden medisinske senter eller Fjell sjukeheim. Det er også gangavstand til Sartor Storsenter som har eit variert tilbod av mat og servering.

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.