Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Sjukehusbygg

Ved nybygg og rehabilitering skal sjukehusa i Helse Vest sikre at bygningsmessige forhold understøttar gjennomføring av eit godt smittevern.

​Sjukehusdesign er av betyding for smittevern. Rett design og innreiing kan på ei rekke område medverke til å bryte smittevegar og førebygge infeksjonar. Smittevernomsyn bør adresserast i alle nybygg- og renoveringsprosjekt frå dag éin.

Forhold knytt til bygg og utstyr av  betyding for smittevern er blant anna

  • ​​tilstrekkeleg tal einerom og isolat
  • størrelse og utforming av sengepostar poliklinikkar/dag- og operasjonseiningar, inkludert tilstrekkeleg lager- og desinfeksjonsareal
  • einingar for dekontaminering av medisinsk utstyr
  • sentralisert reingjering av pasientsenger
  • opphaldsrom og overnatting for pårørande

Tiltak 57

Helse Vest skal saman med Sykehusbygg HF og dei andre helseregionane delta i arbeidet med vidareutvikling av «Byggveileder for smittevern». RHF/RKS

Tiltak 58

Smittevernpersonell må involverast tidleg, og allereie i planleggingsfasen av byggeprosjekt, både ved nybygg og ombygging. HF

Tiltak 59

I Helse Vest skal det vere tilstrekkeleg tal einerom med eige bad, kontaktsmitte- og luftsmitteisolat til å dekke behovet ved ordinær drift. HF

​Tiltak 60

Helse Vest RHF skal rapportere tal ulike typar godkjende isolat i helseregionen til Helsedirektoratet som del av nasjonal helseberedskapsplan. RHF/HF

Tiltak 61

Einerom med eige toalett til alle pasientar innlagt i sjukehus bør vere eit langsiktig mål. HF

​Tiltak 62

Ved nybygg/ombygging må tal isolat i ei sengeavdeling baserast på risiko- og behovsvurdering gjort i samarbeid mellom fagansvarleg klinisk personell og smittevern. HF

Tiltak 63

Sjukehus bør vurdere bygging av eigne isolat med inngang skjerma frå anna bygningsmasse og med separat ventilasjon. RHF/HF

​Byggveileder for smittevern er utarbeidd av Sykehusbygg HF med fagleg støtte frå representantar frå Kompetansesentrene for smittevern i alle fire helseregionar, og frå Folkehelseinstituttet

Arbeid med detaljering av Byggveileder ikkje starta. Avventer nasjonal prosess leia av Sykehusbygg HF.

Maŋemus ođastuvvon 2023-10-27