Mikrobiologisk diagnostikk
Innbyggarane i regionen skal vere sikra rask, relevant og kvalitetssikra diagnostikk for smittsame sjukdommar.
Det regionale helseføretaket skal i samsvar med smittevernlova sørge for at befolkninga i regionen er sikra nødvendig diagnostikk for smittsame sjukdommar. Dei mikrobiologisk laboratoria i regionen skal ha system for overvaking av problemmikrobar og rutinar for varsling ved auka førekomst. Raskt prøvesvar er viktig for pasienttryggleik, for val av antibiotikum og for kor lenge pasienten må vere isolert.
Uavhengig av korleis ein vel å organisere smittevernarbeidet, er det nødvendig at det blir utvikla samarbeidsformer som sikrar effektiv kommunikasjon, særleg ved utbrot og endringar i den epidemiologiske situasjonen som krev iverksetting av smitteverntiltak. Ein må sikre at dei mikrobiologiske laboratoria i regionen kan tilby moderne metodar og analysar innan fagområdet. Genteknologiske undersøkingar er eksempelvis nødvendige for å få oversikt og kontroll over utbrot, og denne typen undersøkingar bør derfor tilbydast ved alle helseføretaka i regionen.