Medisinsk utstyr, dekontaminering og sterilforsyning
Risikoen for smitteoverføring med medisinsk utstyr skal minimerast gjennom kvalitetssikring av dekontamineringsprosessar, utstyr, kompetanse og sterilforsyning.
Smittestoff er dokumentert overført mellom pasientar via ureint medisinsk utstyr, til dømes i samband med forureina endoskopiutstyr. Ved innføring av ny behandling eller nye diagnostiske metodar er smittevernutfordringar knytt til utstyr ofte underfokusert. Ifølgje forskrift om medisinsk utstyr er det eit leverandøransvar å anvise metodar for desinfeksjon og reingjering. Det er essensielt at dette blir avklart i ein innkjøpsprosess. Ved innkjøp i dei enkelte føretaka er rutinane ulike for korleis personell med smittevernkompetanse blir tatt med i prosessen.
Moderne medisinsk utstyr er avansert og dekontaminering er blitt ei spesialoppgåve som er komplisert og tidkrevande. Avdelinga som eig utstyret har sjølv ansvar for at utstyret vert handtert rett. I dag er system- og forvaltningsansvaret for faget dekontaminering utydeleg og fragmentert i mange sjukehus. Sentralisering og standardisering vil nokså sannsynleg innebere ein kvalitetsforbetring av gjenbehandlingsprosessen av slikt utstyr, i tillegg til at det vil lette kontroll- og vedlikehalds-/servicerutinar. Heile regionen har eit aukande behov for kompetanse innan fagfeltet dekontaminering, dette gjeld både sterilforsyningsteknikarar og sterilforsyningsleiarar, men tilstrekkelig opplæringstilbod for personell som arbeider med reprossessering av medisinsk og kirurgisk utstyr manglar. Det er også få sjukehus i regionen som har nok teknisk personell med kunnskap om dekontamineringsmaskinar og vedlikehald av desse.