Implementering og etterleving av infeksjonskontrollprogram
Arbeidet med implementering og etterleving av smitteverntiltak skal styrkast i sjukehusa i Helse Vest. Arbeidet med implementering omfatter både rotårsaksanalyse og kvalitetsforbedring.
Infeksjonskontrollprogrammet skal omfatte alle nødvendige tiltak for å førebygge infeksjonar, hindre smittespreiing i institusjonen, og såleis bidra til å sikre pasientane trygge tenester. Programmet skal vere ein del av verksemda sitt internkontrollsystem.
Alle tilsette har eit sjølvstendig ansvar for å praktisere etter dei krav, retningslinjer og prosedyrar som er skissert i infeksjonskontrollprogrammet. Ei utfordring i infeksjonsførebyggande arbeid er å få smittevern til å bli ein del av alt pasientarbeid gjennom implementering av kunnskapsbaserte tiltak. Leiarforankring og aktiv støtte frå alle leiarnivå i sjukehuset er ein viktig føresetnad for vellukka implementering. Andre viktige føresetnader er bevisstgjering rundt barrierar mot endring og eliminasjon av desse. Organisasjonskulturen er avgjerande for å få til varige endringar. Smittevernpersonell treng kunnskap og opplæring i forbedringsmetodikk for å lukkast med implementeringsarbeidet.