Antibiotikaresistente mikrobar og antibiotikabruk
Førekomst av sekundærsmitte for resistente bakteriar i helseinstitusjonar i Helse Vest skal reduserast. Bruk av antimikrobielle midlar skal optimaliserast i tråd med nasjonale mål, for å oppnå god behandlingseffekt med lågast mogeleg risiko for resistensutvikling.
Regionen vil i åra framover møte aukande utfordringar ved at stadig fleire pasientar er berarar av resistente mikrobar. Infeksjonar med resistente mikrobar medfører auka sjukelegheit, auka risiko for død og auka kostnadar. Dette medfører eit større behov for einerom med eige toalett og isolat på sengepostar og i intensiveiningar, samt auka behov for opplæring av både helsepersonell, pasientar og pårørande, og auka etterspørsel etter laboratorieanalyser samt kompetent helsepersonell til å behandle infeksjonar riktig. Kunnskapen om resistente bakteriar og kva som er effektive og relevante smitteverntiltak må formidlast til ulike nivå i helsetenesta og befolkninga generelt.
Antibiotika spelar ei nøkkelrolle i dagens pasientbehandling. For at antibiotika også i framtida skal vere ei effektiv behandling mot alvorlege infeksjonssjukdommar, må antibiotikabruken vere riktig og minst mogeleg. Fortset dagens utvikling med aukande antibiotikaresistens, kan vi om kort tid komme i ein situasjon der infeksjonsrisikoen ved å gjennomføre standardoperasjonar som keisarsnitt, hofteoperasjonar og hjartekirurgi blir for stor. Ei slik utvikling vil få store konsekvensar for nordmenns helse.