Kven er Psyken laga for?
Psyken er laga for deg som opplever psykiske plagar, og ønsker å lære korleis du kan meistre plagane dine.
Innholdet er skrive for å vere nyttig for dei fleste vanlege psykiske plagar. Her er nokre eksempel:
- Du synst det er vanskeleg å komme i gang med endringar, og halde på dei
- Du slit med plagsame tankar, og vil lære korleis du kan forhalde deg til tankar på ein nyttig måte
- Du synst det er vanskeleg med følelsar, og vil lære korleis du kan handtere og forhalde deg til følelsane dine
- Du opplever kroppslege plagar, og vil lære korleis psykiske plagar påverkar kroppen, og korleis du kan forhalde deg til kroppslege plagar som smerte og sjukdom.
- Du synst det er vanskeleg å gjere dei aktivitetane du ønsker, og vil lære korleis du kan overkomme hindre for å bygge mening og få nye erfaringer.
Kven passar ikkje Psyken for?
Psyken er laga for å vere nyttig for alle, men om du opplever alvorlege psykiske lidingar, sjølvmordstankar, traume eller store vanskar med relasjonane dine, anbefaler vi at du tar kontakt med fastlegen din.
Maŋemus ođastuvvon 2024-02-06