Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
En bygning med parkeringsplass

Vi bygger om og moderniserer Årstadhuset

Tidlegare Kvinneklinikken har endra namn til Årstadhuset. Planen er at Årstadhuset blir bygd om til pasientbehandling innan psykiatri og rus. Konseptrapport for Årstadhuset er vedtatt av styret i Helse Bergen og Helse Vest RHF. 

Bygginga av Kvinneklinikken starta i 1916, og ho opna 22. februar 1926. Same år vart 826 bergensarar fødde på den nye klinikken.

Då Kvinneklinikken flytta til Glasblokkene i 2023 vart namnet på bygget endra til Årstadhuset. Fertilitetssenteret held framleis til i Årstadhuset i påvente av flytting til Marie Joys hus, i tillegg har Bedriftshelsetjenesten og Yrkesmedisinsk avdeling kontor der mellombels.

Planen er at Årstadhuset skal byggjast om for pasientbehandling innan psykiatri og rus. Ca. 18 000 kvadratmeter skal rehabiliterast, og bygget skal romme 92 senger. Ombygginga av Årstadhuset har ei økonomisk ramme på 667 millionar kroner. Ifølgje planane skal bygget vere rehabilitert og klart til innflytting i 2029.

Eit viktig mål for arbeidet med Årstadhuset er å samle delar av tilbodet innan psykisk helsevern, rusmedisin, NKS Olaviken alderspsykiatriske poliklinikk og Akuttposten i Mottaksklinikken i Helse Bergen, slik at dei kjem tettare på somatikken på Haukelandsområdet.

Årsstadshuset skal mellom anna innehalde eit felles akuttmottak for å kunne gi akutthjelp til pasientar med psykiske lidingar og/eller rus- og avhengnadslidingar. I tillegg jobbar prosjektleiinga etter bestemde faglege prinsipp for utforming av sengepostane i bygget.

Desse skal inn i Årstadhuset

Psykiatrisk klinikk: Psykiatrisk akuttmottak og akuttpostar blir flytta frå Sandviken sjukehus. Også alderspsykiatri og ECT (elektrosjokkbehandling) og TMS (transkraniell magnestisk stimulering) skal til Årstadhuset.

Avdeling for rusbehandling: Den forsterka avrusings- og stabiliseringseininga blir flytta frå Martensbygget til Årstadhuset.

Mottaksklinikken: Akuttposten (tidlegare Rusakutten) er nyleg flytta frå Bergen Helsehus til Haukeland. Den skal inn i Årstadhuset.

Olaviken: Alderspsykiatrisk poliklinikk, som i dag held til på Haraldsplass diakonale sjukehus, skal til Årstadhuset.

Brei involvering

I arbeidet med Årstadhuset har det vore ei brei og god involvering med fagpersonar, tillitsvalde, verneteneste og brukarar med pasienterfaring.

Konseptrapport for Årstadhuset er vedteken av styret i Helse Bergen og Helse Vest RHF. Forprosjektet er godt i gang, og i desember skal rapport for forprosjektet presenterast for styret i Helse Bergen.

I tillegg til å byggje om og rehabilitere bygget, blir eit organisasjonsutviklingsprosjekt gjennomført. Teknologi, arbeidsprosessar, kompetanse, kultur og organisering skal underbyggje visjonen for kva det nye Årstadhuset skal bli.

Kontaktpersonar 

Eirik Elsaas, programleiar

E-post: dph@helse-bergen.no 

Aktuelle nyheter

Maŋemus ođastuvvon 2024-10-30