Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Klima og miljø

Klimaendringane er ifølgje Verdas helseorganisasjon den største helsetrusselen verda står ovanfor. Og driften av sjukehuset gir klimagassutslepp og belaster miljøet gjennom blant anna av forbruk av ulike varer, energi og transport.

Flyfoto av Haukelandsområdet

Haukeland universitetssjukehus har i fleire år arbeidd systematisk på klima - og miljøområdet, og er miljøsertifisert etter ISO 14001:2015 standarden.

Spesialisthelsetenesta har felles nasjonale klima- og miljømål 2019-2030 som sjukehuset har tatt inn i sitt miljø- og klimaarbeid. Hovudmålet til dei regionale helseføretaka er å redusere CO2-utslepp med 40 prosent innan 2030, og det langsiktige målet er å ha ein klimanøytral verksemd innan 2045.

Skal sjukehuset nå dei nasjonale miljø- og klimamåla må miljø- og klimaarbeidet i større grad vere ein del av alle aktivitetar og avgjersler i sjukehuset. Dei nasjonale miljø- og klimamåla er derfor tatt inn i Utviklingsplanen 2022-2035, i fleire delplanar og i det økonomiske langtidsbudsjettet.

Hovudmåla:

  • Redusere CO2-utslepp med 40 prosent innan 2030
  • Klimanøytral innan 2045

 

Delmål

  • Redusere helsetenesteassosierte infeksjonar
  • Redusere energiforbruk med 20 prosent innan 2030 og auke delen gjenvinningskraft
  • Minimum 20 prosent av dei polikliniske konsultasjonar skal vere over video og telefon
  • Redusere unødvendig forbruk, auke ombruk og materialgjenvinning
  • Produkt utan helse - og miljøskadelege stoff skal vere 75 prosent innan 2030
  • Fossilfrie sjukehus og redusert reiseverksemd for tilsette innan 2030
  • Berekraftig skjøtsel av natur
  • Miljømedvitne tilsette i alle einingar

Her kan du følje utviklinga på klima- og miljømåla til Haukeland universitetssjukehus og dei andre føretaka i Noreg (Microsoft Power BI)

Naturmangfaldet gir grunnlaget for menneska sine liv på jorda. FNs naturpanel har dokumentert at menneskeleg aktivitet har endra naturen over heile kloden, og at ei rekkje økosystem er trua som ei følgje av dette.

Naturmangfald og økosystem er her avgrensa til forvaltning av uteområde på Haukeland universitetssjukehus, inkludert takoverflater. Samla for alle Haukeland universitetssjukehus sine lokasjonar dreier det seg om eit utomhusareal på om lag 100 000 mål.

Det er etablert ei gruppe som skal arbeide med naturmangfald for å auke kunnskapen og dela erfaringar.

Nokre konkrete døme på eksisterande tiltak innanfor området er parken i Hagevik sjukehus som er freda, og blir forvalta i tråd med Landsverneplanen. Det er etablert ein takhage i Sentralblokka som bidrar til noko meir grøntareal for naturmangfald.

I samråd med anleggsgartnarane skal enkelte plenar vere uklypte. Uklypte plenar gir ulike vekstforhold for plantar, og mangfaldet av plantar tiltrekker seg ulike insekt og smådyr. I tillegg vil vi sjå på innkjøp av sommarblomar og staudar som bidrar til betre levevilkår for insekt.

Maŋemus ođastuvvon 2024-09-06