Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

eDialog

Skal du sende post til Helse Bergen HF som inneheld personsensitive opplysningar, kan du gjere det på ein trygg og sikker måte med eDialog.

Helse Bergen har teke i bruk tenesta eDialog, så no kan både verksemder og privatpersonar sende oss brev og dokument via ein sikker kanal. 

Ettersom sendinga blir kryptert, kan også konfidensielle opplysningar og informasjon som er underlagt teieplikt sendast via eDialog. 

Vi oppmodar både privatpersoner og verksemder til å nytte eDialog for å sende dokument til oss på ein rask og trygg måte.

  • Logg inn via eDialog: https://svarut.ks.no/edialog/mottaker/983974724​  
  • (Det er ikkje muleg å logga seg på ID-porten via direktelenke, så du må markera og kopier url/lenka over og lim den inn i nettlesaren din.)
  • For å bruke tenesta, må du logge på/autentisere deg ved hjelp av ID-porten (MinID, BankID m.m)
  • Når du har logga deg inn, fyller du ut skjemaet og lastar opp dokumenta du vil sende oss 

  • Tittel: Skriv kva meldinga gjeld
  • Kommentar: Her oppgir du mottakar, som for eksempel avdeling eller klinikk. Så  gir du ein meir utfyllande beskriving av meldinga di. 
  • Obligatoriske felt er merka med * (raud stjerne).
  • Vel om du er privatperson/innbyggjar (fødselsnummer) eller om du representerer ei verksemd (organisasjonsnummer).
  • Hugs å laste opp relevante vedlegg som (inntil vidare) må være i PDF-format.
  • Klikk på "Send forsendelse" - sendinga blir kryptert og sendt direkte til sak-/arkivsystemet vårt. 
  • Du får kvittering med referansenummer på e-post (frå svarut.ks).

For Word-dokument vel du "Lagre som" og deretter filtype PDF.

LibreOffice og OpenOffice har eigen knapp på verktøylinja som heiter "Eksporter til PDF".

​ ​ ​ Tilgjengelegheitserklæring for eDialog​
Maŋemus ođastuvvon 2024-02-23