Ny studie kan gi amfetaminavhengige eit behandlingsalternativ
Studien vil undersøke om substitusjonsbehandling med dekstroamfetamin er effektiv og trygg hos pasientar i legemiddelassistert behandling (LAR) som er avhengige av amfetamin i tillegg til å ha opioidavhengighet.
Pasientane i den nye studien får stoffet i pilleform, i kontrollerte dosar. Hypotesen til forskarane bak studien er at dersom pasientar får substitusjonsbehandling med deksamfetamin vil bruken av illegal, «gatekjøpt» amfetamin gå ned. Studien vil også måle andre resultat, blant anna vil den sjå på om livskvalitet blir påverka, om psykisk helse blir betre og om det blir mindre kriminalitet.
- Målet med studien er å kunne få på plass ei tilsvarande behandling som den som eksisterer for opioidavhengige gjennom LAR, fortel dr.med. og seksjonsoverlege ved seksjon LAR Fatemeh Chalabianloo i Avdeling for rusmedisin, som leier studien.
Stor sjukdomsbyrde
Mellom 5000 og 10 000 menneske i Noreg er amfetaminavhengige, og rundt 30 millionar i verda brukar stoffet. Personar som er avhengige av amfetamin eller metamfetamin har ei auka sjukdomsbelastning og fleire helseutfordringar. Infeksjonar, hjarte- og kar sjukdommar og psykiske symptom er berre nokre av dei, i tillegg til auka risiko for død og nedsett livskvalitet.
- Trass i den store sjukdomsbyrden finst det per i dag ingen effektive behandlingsmetodar for å hjelpe pasientane ut av amfetaminavhengigheit, seier prosjektleiar Chalabianloo.
- Dersom studien fører til redusert bruk av gateamfetamin og forbetra helsetilstand og livskvalitet hos pasientgruppa, vil dette ha eit stort utbytte både for den enkelte pasienten og for samfunnet.
Vekker internasjonal merksemd
Chalabianloo ser studien som spesielt viktig i lys av det auka overdosetalet med 363 dødsfall i 2023 som understrekar betydninga av å sette i gang tiltak, deriblant ved å styrke kunnskapsgrunnlaget for substitusjonsbehandling av rusmiddelavhengigheitstilstandar.
Ho fortel at studien har fått stor internasjonal merksemd og blir følgt med interesse av verdas helseorganisasjon, UNODC (FNs kontor for narkotika og kriminalitet) og EMCDDA (European Monitoring Center for Drugs and Drug Addiction).
– Dersom dette prosjektet lukkast vil det revolusjonere behandlinga av amfetaminavhengigheit nasjonalt og internasjonalt, seier prosjektleiaren.
Studiedeltakarane blir henta blant pasientar som alt er i LAR, altså pasientar som er i behandling for ein opioidavhengigheit og som i tillegg er avhengige av amfetamin. LAR har ein infrastruktur til å handtere ei slik uttesting innafor trygge rammer. Det blir også lettare for pasientane å kome og få oppfølging når dei allereie er i LAR-systemet.
– Det er ein risiko i å gi amfetamin, og då ønsker vi å følgje pasientane på LAR-poliklinikkane. Blant dei som deltar i studien, vil vi luke bort dei med høg risiko. Det gjeld for eksempel dei som har ein kjent hjartesjukdom eller dersom dei har ein aktiv, pågåande psykose, opplyser Chalabianloo.
Studien vart starta i Helse Bergen sist veke og vil etter kvart inkludere pasientar i dei andre involverte sjukehusa. Det er anslått ein studieperiode på rundt fem år, men inkluderinga i studien vil halde fram til ein får inkludert 226 pasientar.
Nokre fakta om studien:
ATLAS4Dependence studien er ein nasjonal multisenterstudie som blir leia av nasjonalt forskningssenter for substitusjonsbehandling ved rusmiddelavhengighet (NORCATS) ved avdeling for rusmedisin, Helse Bergen i samarbeid med alle dei andre regionale helseføretaka. I tillegg til Helse Bergen, vil også sjukehusa i Vestfold, Stavanger og Finnmark rekruttere pasientar til studien. St. Olavs Hospital i Trondheim vil delta med å analysere prøvane som blir tatt i studien og med utvikling av nye metodar. Studien er eit statleg finansiert prosjekt på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet. Brukarrepresentantar er sterkt involvert i planlegging og gjennomføring av studien, med fleire representantar frå brukarorganisasjonane proLAR Nett og Foreining for Human Narkotikapolitikk.
Her kan du lese meir om studien:
ATLAS4dependence - Helse Bergen HF (helse-bergen.no)
Bergens Tidende har også omtalt prosjektet:
Gry kjenner ofte på hjelpeløshet i møte med amfetaminavhengige. – Ønsker denne forskningen veldig velkommen (bt.no)