Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Ny partnarskap gir orden i sysakene

Er det noko gale med saksa? Treng skalpellen service? Og kor var eigenleg arterieklemmane sist? Roboten frå Retrams finn svara.

Tonje Pedersen
Almmuhuvvon 2024-05-31
Maŋemus ođastuvvon 2024-09-04
Viviann Toverud

Foto: Jan Inge Haga

Viviann Torvund Danielsen er prosjektleiar for innovasjonsprosjektet frå Helse Bergen.

Dette er historia om eit stort behov, ein lang og omfattande innovasjonsprosess, eit møte mellom ein liten tek-bedrift og ei stor helseteneste og ein ny robot som skannar alt kirurgisk utstyr. I dette prosjektet vart magien skapt.
 
– Eg er so utruleg stolt! Stolt over løysinga, innsatsen til alle som har bidrege og at me har komme so langt. Denne skannaren vert utruleg viktig for sjukehuset framover, seier prosjektleiar Viviann Torvund Danielsen begeistra.

Tid til leiting

Kvart år vert det utført rundt 26.000 kirurgiske inngrep ved Haukeland universitetssjukehus. Totalt er rundt éin million instrument i omløp ved sjukehuset. Den enorme utstyrsparken krev ein presis logistikk – både i samband med sterilisering, vedlikehald, oversikt og teljing.

– I dag vert det brukt mykje ressursar på leiting etter einskildinstrument. Dette er ei utfordring ved sjukehus over heile verda. Me såg at me trong oversikt og lurte på om me kunne finna ei moglegheit til å identifisera utstyret, fortel Torvund Danielsen vidare.

Fridde til næringslivet

Helse Bergen gjekk breitt ut i søket etter eigna partnar. Håpet var å finna ein partnar som kunne innfri følgjande mål:

• Utvikla ei teknologisk løysing som gir sjukehusa full oversikt over instrumentparken og kvar utstyret er

• Bidra til auka tryggleik for pasientane ved å vita når utstyret skal til service eller reparasjon

• At løysinga toler å verta utsett for varme, damp, vatn og kjemiske prosessar
 
Kirurgiske instrument går i dag gjennom ei sterilforsyningskjede på sjukehuset. 
Når instrument er brukte i operasjonsstovene, sengepost eller poliklinikk, vert dei talde, før dei går vidare til transportsystemet og inn til reingjering, desinfisering og inspeksjon. Vidare vert instrumenta kontrollerte og pakka før dei vert steriliserte og sende ut til bruk igjen. I dag skjer all kontroll av dette utstyret manuelt. Små feil må altso oppdagast med det trena auget.

– Me ynskte ei teknologisk løysing som identifiserte kvart einskilt instrument utan at instrumenta måtte merkast, seier prosjektleiaren.

Robotskannar

Samarbeidspartnaren Retrams har utvikla ein heilt ny skannar, ein robot, der kvart instrument vert identifisert og skanna før det går vidare til sterilisering. Roboten registrerer mellom anna når instrumentet sist vart halde ved like, kor mange gonger det kan brukast før ny service, om det er feil med utstyret som gjer at det må takast ut til reparasjon og kor sakna utstyr vart brukt førre gong.
 
– Den klarer å lesa stålet i instrumentet og kan dermed identifisera det eksakte instrumentet framfor seg. Me seier at han les DNA-et i stålet. Den kontrollerer avvik og bidreg til at det kostbare utstyret får lengre levetid, seier Torvund Danielsen.

Dette er gjenbruk på sitt beste
Viviann Torvund Danielsen

Planen er at roboten skal implementerast i løpet av sumaren. Fleire andre sjukehus har kontakta Helse Bergen for å læra meir om prosjektet.

–  For ei reise dette har vore. Dette er gjenbruk på sitt beste. Eg er takksam for at me var modige nok til å satsa på ein liten aktør, og det gler meg at me har komme opp med noko so bra som vil komma både pasientar, sjukehuset og heile befolkninga til gode, avsluttar Torvund Danielsen. 

FAKTA:

  • Helse Bergen og Retrams AS har utvikla ein skannar som gjer det mogleg å identifisera kirurgisk utstyr utan fysisk merking
  • Innovasjonsprosjektet starta i 2018 og fekk 8 millionar kroner i støtte frå Innovasjon Noreg, og dessutan midlar frå Helse Vest  
  • Skannaren skal implementerast i sjukehusdrifta i 2024