Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Medikamentskrin vaksne

KLB har i samarbeid med Sunniva avdeling for lindrende behandling utarbeidd eit medikamentskrin for symptomlindring i livets sluttfase. Sjukehusapoteket i Bergen har bistått med hjelp til praktiske løysingar.

Rettleiar til rekvisisjon og handtering av skrinet (pdf)

Skrinet inneheld fire legemiddel:  

  • glykopyrron
  • haloperidol
  • midazolam
  • morfin
  • og utstyr til å sette desse subkutant.

Fullstendig liste over innhald (pdf)

Rekvirering av medikamentskrinet

Skrinet kan rekvirerast av legen til den enkelte pasient, eller kan kjøpast inn til bruk i institusjon (for eksempel sjukeheim). Skrinet kan rekvirerast på telefon (som vanleg telefonresept) frå: 

Bruk av medikamentskrinet

Legen er ansvarleg for forsvarleg bruk av skrinet, eventuelt i samarbeid med heimesjukepleien. Hjelp til ordinasjon finst her:

Behandlingslagoritmar for vanlege symptom hos døyande. Dei fire viktigaste medikamenta

Endringslogg.pdf

Referansar til algoritmane (pdf)


Subkutan administrasjon av medikamenta er trygt og enkelt: 
Rettleiing til anlegging av fastliggande subkutan kanyle (sist revidert 2021) (pdf)


Til ordinasjon av medikament ved lege og dokumentasjon av gitte dosar ved sjukepleiar kan følgjande skjema brukast:

Ordinasjon av medikament (pdf)

Dokumentasjon av gitte dosar (pdf)

Etter dødsfallet 

Legen (eventuelt sjukepleiar) bedt om å 

svare på nokre spørsmål om bruken av skrinet og sende evalueringsskjemaet (pdf)

i vedlagte frankerte konvolutt til KLB. Dette vil vere eit viktig ledd i kvalitetssikringa av tilbodet. 

 

Samledokument for apoteka.pdf

 

Maŋemus ođastuvvon 2024-07-01