Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Student som skal i praksis i Helse Bergen

Helse Bergen tilbyr praksisplassar til studentar innan ulike fag. Dei to største gruppene er medisin- og sjukepleiestudentar.

Helse Bergen (Haukeland universitetssjukehus, Voss Sjukehus og Kysthospitalet i Hagavik) har samarbeidsavtalar med Universitetet i Bergen, VID Vitenskapelige Høgskole og Høgskulen på Vestlandet, og tilbyr gjennom desse praksisplassar til studentar innan ei rekke fagområde. Praksisplassar blir fordelt til studentar i samarbeid med utdanningsinstitusjonar og Helse Bergen.  


For at alt skal være på plass til den dagen du byrjar i praksis, er det viktig at du gjennomfører punkta som er satt opp under.   

Dette må du gjere for å gjennomføre praksis hos oss:​

1. Gjennomføre E-læringskurs i Læringsportalen

  • Gå til Læringsportalen
  • Vel "Logg inn med ID-porten"
  • Etter at du har logga inn med ID-porten får du opp eit skjema der du må leggje inn følgjande opplysningar:
      • Namn
      • Fødselsdato
      • E-postadresse
      • Vel organisasjonen «Helse Bergen - tilgang for eksterne brukere» 
  • Kva kurs du skal ta står under «Hjem- Informasjon» i Læringsportalen

2. Søke på stillingen i Webcruiter

  • Du vil få link frå din utdanningsinstitusjon
  • Registrering må være gjennomført innen gitt tidspunkt for å ikke miste praksisplassen
  • Hugs ditt fulle fødselsnummer (11 siffer) og telefonnummer

3. Motta brukarnamn og passord

  • Brukarnamn blir tilsendt på e-post - den same som du registrerte deg med i Webcruiter
  • Passord mottek du på SMS ved praksisstart
  • Dersom du har vore i praksis før, eller er ansatt i Helse Vest, bruker du same brukarnamn og passord som før. Passord må fornyast kvar 90. dag

4. Signere teieerklæring

  • Dette blir organisert av din utdanningsinstitusjon

5. Ta obligatoriske testar

  • Sjukehuset kan krevje MRSA- og TBC-testing. Sjekk din utdanningsinstitusjon sine interne rutinar for testing

 

Vanlege spørsmål og svar

Vanlege spørsmål og svar for studentar i forbindelse med praksis hos Helse Bergen.

Vanlege spørsmål og svar
Sykepleier som smiler
Maŋemus ođastuvvon 2024-11-07