Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Klagebehandling i Laboratorieklinikken

Avdelingane i Laboratorieklinikken er akkreditert og har krav til alle ledd i verksemda. Laboratorieklinikken legg vekt på å ha eit godt system for klagebehandling.

Ved misnøye med aktivitetane til laboratoriet eller ved openberre feil, ber vi om tilbakemelding på dette. 
Alle tilsette i Laboratorieklinikken skal kunne ta imot ein klage, så ta kontakt der det kjennast naturleg.   

Tilbakemeldingar frå brukarar er viktig for å forbetre rutinar, så terskelen for å klage til oss bør ver låg.

Ved munnleg klage dokumenterast dette internt i eige skjema for eksterne klagar, og utfallet av behandlinga rapporterast tilbake til melder dersom ønskeleg.  

Ved skriftleg klage til laboratoriet nyttast https://www.helse-bergen.no/om-oss/kontaktinformasjon/edialog/ eller Analyseoversikten - Tilbakemelding (ihelse.net). 
Ved bruk av tilbakemeldingsfunksjon i Analyseoversikten ber me om at det IKKJE blir sendt sensitive opplysingar. Tilbakemeldingar vert arkivert hjå laboratoriet.  

Klaga vil bli behandla innan kort tid. Tilbakemelding om utfallet av klaga med eventuelle tiltak vil finnast innan 3 veker, føresett at melder har oppgitt kontaktopplysingar.

Sjå Rettar, val og moglegheiter - Helse Bergen HF (helse-bergen.no)  for meir informasjon om rettar, val, moglegheiter og klagar.  

Maŋemus ođastuvvon 2024-10-25