Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Søknad om eBehandling

For deg som ønsker å søke behandling hjå oss.

Sjølvhjelp

Det finnast fleire gode sjølvhjelpstilbod. Gå til sida Hjelp deg sjølv. Her finn du informasjon om vanlege psykiske vanskar, råd og ressursar som kan vere til hjelp for deg og dine pårørande.

Tilbod i kommunen

Det finnast også gode hjelpetilbod innan psykisk helse i din heimkommune som du kan forsøke før du søkar behandling hos oss. Eit tips er å søke på navn på din kommune + psykisk helse.

Les gjerne

Første kapittel i behandlinga du ynskjer å søker på. Desse er gratis og tilgjengeleg for alle. Du finn dei på sida Behandlingsprogramma ​(gjeld panikkliding, sosial angst og depresjon). Trykk på desse lenkene for meir informasjon om behandling for ADHD og pengespelavhengigheit. 

Er du allereie i behandling ved ditt lokale DPS, ynskjer vi at du søker i samråd med din behandlar.  

Direkte kontakt utan tilvising​

Du kan ta kontakt med eBehandling utan tilvising. Dette gjer du ved å logge deg inn på Helsenorge og sende ein søknad til oss

MERK: Bur du i kommunane Bjørnafjorden, Samnanger, Austevoll eller Fana bydel i Bergen, og ynskjer å søke om behandling for panikkliding, sosial angst eller depresjon, må du be fastlegen din om tilvising til Solli DPS. Solli DPS har eige eBehandlingstilbod for desse lidingane.

 

En mann som ser på telefonen sin
Maŋemus ođastuvvon 2025-04-24