Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Spesifikk bronkial provokasjon

Spesifikk bronkial provokasjon er eit tilbod til pasientar med mistanke om allergisk yrkesrelatert astma. Metoden vert nytta når vanleg diagnostikk ikkje kan gjennomførast eller gir usikre svar, for å finne det spesifikke årsaksstoffet og ved mistanke om nye årsaksstoff. Diagnostikken gir grunnlag for målretta og effektiv intervensjon overfor deg som pasient, din arbeidsplass og tilsvarende eksponering på andre arbeidsplassar.

Tenesta er ein del av Nasjonal behandlingsteneste for spesifikk bronkial provokasjon ved yrkesrelatert astma.

Symptom på yrkesastma kan vere tung pust, piping i brystet og at det renn frå nase og auge. Mange kan også oppleve at symptoma kjem etter at dei har vore på jobb, og det er typisk at symptoma blir betre i friperiodar.

For dei fleste pasientar med mistanke om yrkesastma, kan ein finne ein årsaksdiagnose ved ein mykje mindre krevjande type diagnostikk - nemleg PEF-måling heime og på jobb saman med konvensjonelle allergologiske metodar.

Kva er spesifikk bronkial provokasjon?

Spesifikk bronkial provokasjon (SIC = spesifikk inhalasjonsutfordring) blir sett på som ein referansemåte ved årsaksdiagnostisering av allergisk yrkesastma. Ved SIC blir pasienten utsett for kontrollerte eksponeringar for det mistenkte utløysande agens (stoffet som vi mistenkjer er årsaken til astmaen).

Kort oppsummert blir spesifikk bronkial provokasjon gjort som eit forsøk der pasienten blir utsett for kontrollerte eksponeringar for det agenset som mistenkjer å vere årsak til pasienten sin astma. Testmaterialet kan vere både høgmolekylære og lågmolekylære stoff. Lungefunksjon og klinisk status blir registrert kvar våkne time i 4-5 dager.

Testen blir rekna som positiv for astma når det er ein reduksjon på minst 15% av tvungen utpustevolum på eitt sekund (FEV1) i to påfølgjande målingar.

SIC blir utført etter ei protokoll publisert av ei arbeidsgruppe nedsett av European Respiratory Society (ERS).

Før

Dei siste dagane før testen skal du UNNGÅ følgande medisinar:

  • Korttidsverkande medisin for astma-anfall – ikkje ta disse mandag.
  • Langtidsverkande medisin og/eller kombinasjonsprodukter for astma-anfall – ikkje ta disse laurdag, søndag, mandag.
  • Allergitablettar – ikkje ta disse den siste veka før du kjem til oss.
Vi ringer deg i løpet av veka før testen for å diskutere medisinane da det kan hende at du treng medisin for at din astma skal vere stabil nok under testen.

Om du er sjuk, eller har hatt ein luftvegsinfeksjon dei siste to vekene før planlagt utgreiing er det viktig at du tar kontakt så vi kan vurdere om vi må utsetje testen.

Det vil vere aktuelt at du tar med produkter fra din arbeidsplass som du trur du reagerar på. Vi vil i så tilfelle ta kontakt med deg i god tid før utgreiing.

 

Hos oss er alle inneliggande pasientar (dagpasientar). Det vil si at du er innskrevet som pasient på sjukehuset i behandlingsperioden og får servert lunsj. Om du er frå Bergen og omegn sover du heime, mens tilreisande bur på Haukeland hotell (pasienthotellet) som ligger på sjukehusområdet.

Under

I løpet av utredningen vil du møte leger som er lungespesialister, yrkeshygieniker og sykepleiere/bioingeniører. Du vil også gjerne treffe en arbeidsmedisiner som ved behov vil følge deg opp når resultatet fra utredningen er klart. Vi utreder en eller to pasienter i løpet av en uke.

Utredningen vil vanligvis ta fem dager, mandag til fredag. I enkelte tilfeller er vi ferdig med testen torsdag, men dette vet vi først torsdag morgen. Du skal måle lungefunksjon (med et apparat du får låne av oss) hver time fra du står opp til du legger deg, og vi ber deg planlegge en relativt rolig uke med få aktiviteter. Du kommer kanskje til å få symptomer som ligner det du har kunnet få på jobb tidligere, og du vil få mobilnummer til legen slik at du kan ringe direkte hvis du får plager etter arbeidstid.

Veiledende timeplan for undersøkelsen (kan endres underveis)

Mandag kl. 09.00-16.00

  • Undersøkelse ved lege, oppsummering av sykehistorie, orientering om hvorfor og hvordan provokasjonstesten gjennomføres
  • Gjennomgang av aktuell yrkeseksponering ved yrkeshygieniker
  • Måling av lungefunksjon, nitrogenmonoksid i utåndingsluft og uspesifikk provokasjonstest (metakolintest); blodprøvetaking, allergitesting om relevant
  • Opplæring i bruk av håndholdt spirometer

Du måler deretter selv lungefunksjon hver time fra frem til du legger deg for natten, og fra du våkner neste morgen.

Tirsdag, onsdag og evt. torsdag kl. 08.30-15.30

  • Spesifikk inhalasjonsprovokasjon med eksponering av aktuelt stoff fra ditt arbeid i provokasjonskammer
  • Test av lungefunksjon, neseundersøkelse og klinisk undersøkelse; hvert 15. minutt den første timen etter provokasjon, deretter hver time.

Du måler selv lungefunksjon hver time frem til du legger deg for natten, og fra du våkner neste morgen. 
 

Fredag kl. 08.30–14.00 (evt. torsdag)

  • Måling av lungefunksjon, nitrogenmonoksid i utåndingsluft og uspesifikk provokasjonstest (metakolintest); blodprøver.
  • Avsluttende samtale: Konklusjon av test og plan for eventuell oppfølgning.


Etter

Siste dagen, umiddelbart etter at alle testar og undersøkingar er gjennomført, får du snakke med lungelegen og det tverrfaglege teamet som har følgt deg gjennom veka. Då vil du få forklart resultatet av undersøkinga, og moglegheit til å diskutere vidare oppfølging.

Det er vanlegvis ingen biverknader eller komplikasjonar, men du må forvente at du kan føle deg litt sliten siste dagen av utgreiinga.

Les meir om spesifikk bronkial provokasjon (SIC) i BestPractice Nordic:

Spesifikk bronkial provokasjon (SIC) i utredning av yrkesrelatert astma og hypersensitivitetspneumonitt (bpno.no)





Kontakt

Årstadhuset Arbeidsmedisinsk poliklinikk

Kontakt Arbeidsmedisinsk poliklinikk

Oppmøtestad

Årstadhuset (gamle KK). Oppmøte i ekspedisjonen i 1. etasje.

Besøksadresse
Jonas Lies vei 72
5021 Bergen

 

Årstadhuset

Jonas Lies vei 72

5021 Bergen

Transport

​Fleire rutebussar går forbi Haukeland. I tillegg finst direkte arbeidsruter mellom bydelane og sjukehuset.
 
​​​​​​På nettsidene til Skyss.no finn du bussruter med oversikt over stoppestader og tider
 
  • Line 5 og 6 har avgang frå Festplassen
  • Line 12 har avgang frå Bystasjonen
  • Line 16E har avgang frå Xhibition i Småstrandgaten
​Busstoppa rundt Haukeland:

  • Ulriksdal for besøkande til Ulriksdal helsepark og Glasblokkene (line 5, 6, 16E)
  • Haukeland sjukehus Nord for besøkande til Glasblokkene, Kvinneklinikken, Augebygget og Haukeland hotell (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Haukeland sjukehus Sør for besøkande til Sentralblokka og andre bygg på Haukelandsområdet (line 5, 6, 12 og 16E)
  • Ibsensgate - arbeidsruter

​Nærmaste stoppestad til Haukeland er bybanestoppet Haukeland sjukehus. Banen stoppar nord for Sentralblokka, like ved Glasblokkene, på Haukelandsområdet. Det tar om lag 5 minutt å gå frå stoppet til sjukehuset. 

Sjå rutetabellar og oversikt over stoppestader på Skyss.no

Parkeringsanlegget på Haukeland er delt inn i ulike område på og i nærleiken av sjukehuset. Vi har dessverre ikkje nok plassar til alle som ønsker å parkere på sjukehuset.

​​​​​​​​Av omsyn til dei som må bruke bil, oppmoder vi derfor dei som kan, til å bruke offent​leg transport​. Det er også mogleg å parkere på Bystasjonen og ta buss/bane det siste stykket opp til Haukeland​. 

​For dei som av ulike årsakar må bruke bil, er det parkeringsplassar på ulike områder på og i nærleiken av sjukehuset.
 

Praktisk informasjon

Frivillige på Haukeland er her for å gjere pasientar og pårørande sitt møte med sjukehuset betre. Alle i frivilligheitstenesta er kledd i raude vestar og har fått kursing om rolla. 


Dei frivillige kan vise veg, vente saman med pasientar, bli med på luftetur i parken eller nærområde - og mykje meir. 

Meir informasjon på helse-bergen.no/frivillig

Kontaktinformasjon: 

​Utgreiing og behandling vil vere avhengig av god kommunikasjon og kartlegging av grundig sjukdomshistorikk. Derfor ber vi deg gi beskjed om du har behov for tolk under pasientsamtalane og undersøkingane så tidleg som mogleg. Dette gjeld om du til dømes har hørsels- eller synshemming, eller om du har eit anna morsmål og snakkar lite norsk.

Les meir om tolketenester og dine rettar som pasient

Alle pasientar og besøkande kan bruke gratis trådlaust internett på dei fleste områda på sjukehuset.

Gjest.ihelse.net er eit trådlaust nettverk for besøkande, pasientar og tilsette. Slik koblar du deg til gjestenettet vårt:

  1. Koble deg til det trådlause gjestenettet (gjest.ihelse.net)
  2. Ein nettlesar skal opne seg automatisk. (Om påloggingsvindauget ikkje dukkar opp, forsøk å opne nettlesaren manuelt).​
  3. Trykk "Godta" når du har lest og forstått vilkåra.

Innlogginga skjer automatisk på einingar etter første pålogging, så lenge kontoen er aktiv. Det skal bare være nødvendig å logge seg på éin gong per eining per 31 dagar. 

 
Trøbbel med å kople til trådlaust internett?
Sjukehuset har dessverre dårleg nettverk nokre stader. Du kan derfor ha problem med å få logga deg på nettverket. Vi beklagar dette, og jobbar med å utbetre dette.
 
Har du ein nyare mobiltelefon, og problem med å kople det til trådlaust gjestenett på sjukehuset? Det kan skuldast nettverksinnstillingane på telefonen din.