Diagnose
Sjøgrens syndrom
Sjøgrens syndrom (SS) er ein kronisk revmatisk sjukdom dominert av autoimmun betennelse i tåre- og spyttkjertlar gjer redusert kjertelfunksjon og dermed tørre auge og munn.Tilvising og vurdering
Ved mistanke om Sjøgrens syndrom kan fastlege tilvise til revmatologisk poliklinikk. Revmatolog vurderer tilvisingane ut i frå nasjonal prioriteringsrettleiar om du har behov for vurdering i spesialisthelsetenesta, i så fall får du vanlegvis time til utgreiing innan 12 veker.
Utredning
Behandling Sjøgrens
Behandling
Kunstig tårevæske er den mest vanlege behandlinga for tørre auge. Når det gjeld tørr munn tilrår ein å drikke vatn eller anna sukkerfri drikke. Mange har nytte av å bruke sukkerfri tyggegummi og syrlege drops, og nokre kan òg ha effekt av kunstig spyttvæske.
Det er viktig med god munnhygiene med regelmessige besøk hos tannlege og bruk av fluortannkrem. Om ein er uttalt trøytt og har store plager med tørre auge og tørr munn, kan det i enkelte tilfelle vere aktuelt å prøve ein antirevmatisk medisin som heiter Plaquenil.
Oppfølging Sjøgrens
Ikkje alle med Sjøgrens syndrom treng oppfølging på sjukehus. Om ein treng oppfølging av spesialist eller kan følgjast hos fastlege blir vurdert i kvart enkelt tilfelle ut frå kor uttalte symptom ein har, og om ein har betennelsesmarkørar og antistoff i blodet.