Behandling
Legemiddelassistert rehabilitering LAR
Formålet med legemiddelassistert rehabilitering (LAR) er å bidra til at opioidavhengige skal få auka livskvalitet, og at dei får bistand til å endre livssituasjonen sin gjennom betring av det optimale meistrings- og funksjonsnivået sitt. Formålet er også å redusere skadane av opioidavhengnad og faren for overdosedødsfall.
Før
FØR Får du rett til behandling, blir du kalla inn til ei første samtale for avklaring av behova og ønska dine. Du får også tilbod om ei basisutgreiing. På bakgrunn av dokumentasjonen i tilvisinga, behova og ønska dine og utfallet av basisutgreiinga avgjer legen ved TSB kva behandling du får tilbod om. Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) er eitt av fleire behandlingstilbod for opioidavhengnad. Som namnet tilseier, er LAR eit rehabiliteringstilbod støtta av behandling med eit legemiddel – eit opioid.
Under
Du er i LAR frå den dagen ein lege i spesialisthelsetenesta (sjukehuset) har godkjent behandlinga med opioid-legemiddelstøtte, såkalla substitusjonsbehandling. Lege og behandlar vil planlegge behandlingsforløpet saman med deg.
Før oppstart med substitusjonsbehandling gjennomgår vi desse temaa med deg:
- Du får informasjon om behandlingstilbodet.
- Vi avklarar saman formålet med behandlinga.
- Vi avklarar saman kva ressurspersonar som skal vere med i ei ansvarsgruppe.
- Saman inngår vi avtaler for å sikre ei forsvarleg behandling.
- Vi avklarar saman kva legemiddel du skal bruke i behandlinga.
- Saman avklarar vi om oppstart med legemiddelet skal skje i poliklinikk eller i institusjon, og når du skal starte.
- Vi kartlegg også saman med deg sider ved livet ditt som kan ha betydning for behandlinga, for eksempel fysisk og psykisk helse.
- Du får tilbod om terapeutiske samtaler med behandlar i LAR. Temaa i slike samtaler kan vere rusmeistring, risikofaktorar for tilbakefall til rus, kartlegging av psykisk og fysisk helse, sosialfaglege forhold m.m.
- Du kan få tilbod om traumeterapi og/eller behandling av angst og depresjon.
- Vi vil også følge opp den somatiske helsa di (fysisk helse) i samarbeid med fastlegen din.
- Det blir etablert ei ansvarsgruppe som består av deg, fastlegen din, behandlaren din i LAR, ein eventuell kontakt i kommunen og/eller andre relevante personar.
- Vi utarbeider saman ein behandlingsplan for måla dine.
- Vi legg til rette for samarbeidsmøte kvar 12. veke eller etter behov. Temaa i slike møte kan vere eigna bustad, aktivitetar i kvardagen, nettverk, økonomi og psykisk og fysisk helse.
- Vi evaluerer jamleg verknaden av legemiddelet du får føreskrive, for at du skal ha best mogleg effekt av behandlinga.
- Legemiddelet (opioidet) i behandlinga er gratis
- Andre tilbod som er gratis, er hepatitt C-behandling, tannbehandling og langtidsprevensjon for kvinner.
Avslutte behandlinga
Etter
Kontakt
Engenhuset
Rusmedisin AFR
Engenhuset
Håkonsgaten 1
5015 Bergen
Dr. Martens, Sandviken
Hatleveien 7D
Dr. Martens - Bygg 16, Hatleveien 7D, 5038 Bergen
Floen, Manger, Nordhordland
Toskavegen 400
5936 Manger
Haugane 8, Askøy
Haugane 8
5307 Ask
Kanalveien 5
Kanalveien 5
5068 Bergen
Møllendalsveien 31
LAR M31 og Årstad, Møllendalsveien 31, 5009 Bergen
Nye Sandviksveien 84
Nye Sandviksveien 84
5032 Bergen
Tertnesveien 35
Tertnesveien 35
5113 Tertnes
Østre Murallmenningen 7
Østre Murallmenningen 7
5012 Bergen