Behandling
Gynekologisk kreft, kikholskirurgi
Gynekologisk kreft vil seie at det er kreft i eggstokk, eggleiar, bukhinne, livmor eller livmorhals. Fordelen med kikholskirurgi samanlikna med vanleg operasjon, er at du får mindre arr på magen, mindre smerter, kortare sjukemeldingstid, mindre risiko for samanveksingar og kortare liggetid på sjukehus etter operasjonen.
Før
Vi anbefaler at du holder deg i fysisk aktivitet og forsøker å leve som normalt. Vi anbefaler røykeslutt, røyking auker risikoen for komplikasjonar under og etter operasjon.
Før operasjonen blir du kalla inn til ei forundersøking. Dette er for at du skal få tilstrekkeleg informasjon, og for at vi skal kunne planlegge inngrepet som skal gjerast. Vi gjer ei generell undersøking av hjarte og lunger, samt ein gynekologisk undersøking med ultralyd. Det er viktig at du har med ei oppdatert liste over dei medisinane du brukar til forundersøkinga.
- Du vil få beskjed om korleis du skal gjere det med medisinane før operasjonen. Skal du til dagkirurgi gjer du desse førebuingane heime, blir du lagt inn dagen før operasjonen blir førebuingane gjort på sjukehuset.
- Du må dusje (inkludert hårvask) og barbere bort kjønnshår som er synlig i ståande stilling. Bruk maskin - ikke høvel.
- Naglelakk og alle smykkar, ringar, piercing og armbandsur må vere tatt av - også giftering.
- Det kan i nokre tilfelle vere aktuelt med tarmtømming
- Enkelte gonger gjør vi ei markering med tanke på stomi (utlagt tarm) før operasjonen om det er mistanke om at kreftsjukdommen påverkar tarm.
- Du får tablettar som får deg til å slappe av før du blir køyrd til operasjon.
- Før operasjonen må du vere fastande.
Faste
Før operasjonen/undersøkelsen må du faste. Hvis du ikke møter fastende, kan det hende vi må avlyse/utsette timen.
De siste 6 timene før operasjon/undersøkelse skal du ikke spise mat eller drikke melk/melkeprodukter. De siste 2 timene skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vann, saft, juice uten fruktkjøtt, brus, te og kaffe uten melk. Du kan svelge medisiner med et lite glass vann inntil 1 time før, og pusse tenner og skylle munnen når som helst.
- Mat og melk/melkeprodukter: Stoppes 6 timer før
- Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Stoppes 2 timer før
Hvis du likevel har spist eller drukket utenom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke en bestemt mengde næringsdrikk.
Hvis andre regler gjelder for deg, vil du få beskjed om dette
Under
Inngrepet blir utført i full narkose.
Det blir laga eit snitt i navlen, og bukhola blir fylt med gass for å få betre oversikt. Laparoskopet, som er eit tynt røyr eller ein slags «kikkert» med videotilknytting, blir ført inn gjennom snittet i navlen. Via ein TV-skjerm kan ein inspisere bukhola, livmora, eggstokkane og eggleiarar.
Når ein skal operere, treng ein fleire hjelpeinstrument, og ein lagar derfor fleire snitt for disse. Dersom livmor skal fjernast, blir dette nokre gonger gjort via skjeden.
Iblant kan det vere vanskeleg å gjennomføre via laparoskop. Det vil då, eventuelt i same narkose, bli bytta over til vanleg operasjon, laparotomi. Du må då rekne med å vere på sjukehuset nokre fleire dagar. Moglegheita for å endre operasjonsmetode under operasjonen, vil vi avklare med deg på førehand, før operasjonen startar.
Etter
Du vil vere til overvaking i nokon timar etter operasjonen. Du kan drikke og eventuelt ete på operasjonsdagen, avhengig om du kjenner deg kvalm. Før heimreise vil du få informasjon om kva som blei funne og kva som blei gjort under operasjonen. Ofte reiser ein heim dagen etter operasjonen, men i blant kan det bli nødvendig å ligge på avdelinga lenger. Litt bløding frå skjeden er vanleg.
Dei første dagane kan du kjenne deg oppblåst i magen og eventuelt ha vondt i skuldrane. Dette er irritasjon frå gassen som blei satt inn i bukhola under operasjonen. Kan som oftast lindrast med reseptfrie, smertestillande medikament.
Dersom livmora er fjerna, må du på grunn av operasjonssåret unngå karbad, svømmebasseng og bruk av tampong dei første 2-4 vekene. Du bør unngå samleie i 8 veker etter operasjonen. Dersom du ikkje har smerter eller andre plagar, kan du vere i vanleg fysisk aktivitet etter operasjonen.
Såra på magen blir vanlegvis sydd med sjølvoppløyseleg tråd, i enkelte tilfelle blir såra lukka med metallstiftar (agraffar). Om det er brukt agraffar, kan desse fjernast etter 3-7 dagar hos fastlegen din. Bandasjane skiftast om dei blir våte eller gjennomtrukne av blod.
Dersom noko er fjerna under inngrepet, blir det sendt til mikroskopisk undersøking. Svara føreligg vanlegvis etter nokon veker. Du vil bli kontakta per telefon eller brev, og fastlegen din får kopi av svaret og brev om inngrepet.
Du får sjukemelding ved heimreise. Lengda på sjukemeldinga er avhengig av storleiken på inngrepet, og forventa tid du treng å komme deg på etter operasjonen. Sjukemeldinga kan bli forlenga av fastlegen din ved behov.
Ver merksam
Ta kontakt med sjukehuset dersom du innan 14 dagar får:
- Tiltakande magesmertar
- Feber over 38 gradar
- Andre uforklarlege smerter eller ubehag
- Uvanleg bløding frå skjeden, store mengder
Kontakt
Glasblokkene
Gynekologisk avdeling
Oppmøtestad
Glasblokkene, Blokk 6
Glasblokkene
Haukelandsbakken 1
5021 Bergen