Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Om sjukehuset

Voss sjukehus er eit lokalsjukehus med akuttfunksjon for om lag 30.000 innbyggjarar i kommunane Kvam, Ulvik, Eidfjord, Voss og Vaksdal. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar i indre Sogn samt frå resten av landet.

rundt vindu inn til operasjonsrom.foto

Noverande Voss sjukehus vart bygd i 1963 og var fylkeskommunalt fram til 2002. Sidan Helseforetaksreformen i 2002 har Voss sjukehus vore ein del av Helse Bergen HF.

Sjukehuset vert leia av Direktør Birger N. Lærum og assisterande direktør Gunn Iren Hovda Engvold. 

Voss sjukehus er i dag eit robust og moderne sjukehus.

Rekrutteringa er god både når det gjeld sjukepleiarar og legar. Sjukehuset legg til rette for kompetanseutvikling, spesialist- og vidareutdanning. I praksis vil det seie at sjukehuset gir permisjon til avtalte konferansar og kurs. I tillegg ynskjer vi å stimulere til samarbeid mellom Voss sjukehus og Haukeland universitetssjukehus. Det har vore fleire doktorgradsprosjekt som nyleg er fullført, og fleire pågår. Vi ynskjer å stimulere til at fleire tilsette ved Voss sjukehus kan koma i gang med eigne prosjekt.

Det er satsa tungt på investeringar i medisinsk utstyr og utstyrsparken framstår som moderne og særs bra med MR, CT, gjennolysningslab, ultralydsmaskiner, nye respiratorar, nytt skopiutstyr til kirurgi og ortopedi for å nemne noko. I tillegg har føretaket modernisert IKT-verktøya slik at operasjonsplanlegging (Orbit) , elektronisk kurve (Meona), digitalt mediakarkiv (DMA) og IMATIS (Innsjekk og betaling) no er i bruk ved sjukehuset.

Framtida krev at sjukehus samarbeider på tvers. Dette er Voss sjukehus med på gjennom internundervisning i ulike fag via videokonferanse med Haukeland Universitetssjukehus og med Oslo Universitetssjukehus (OuS). Fleire av våre spesialistar deltek også i planlegging av behandling for kreftpasientar gjennom MDT-møter på videokonferanse. (Multidisplinære team = MDT).

Det ligg godt til rette for legar og anna helsepersonell til å kombinere stilling ved Voss sjukehus med anna stilling på Haukeland universitetssjukehus, då begge sjukehus er i same helseføretak. Det har til dømes vore ein suksess med at fleire intensivsjukepleiarar frå Voss har dekka ei sjukepleiarstilling på intensivmedisinsk seksjon på HUS.​


  • Det er rundt 400 tilsette på sjukehuset.
  • Den operative aktiviteten har dei siste to åra lagt rundt 2900 inngrep innanfor gastrokirurgi, ortopedi og gynekologi/ obstetrikk.
  • Fødeavdelinga har rundt 450 fødslar i året.

  • Medisin: lungemedisin, kardiologi, gastroenterologi, nefrologi, hematolgi og generell indremedisin
  • Gastrokirurgi: fedmekirurgi, gallekirurgi, tarmkirurgi av ulike typar, proktologi samt traumatologi (teamleiar i traumeteam)
  • Ortopedi: protesekirurgi i hofte, kne, ankel og tær. Atroskopiske prosedyrer i ulike ledd som skulder, handledd, kne og ankel
  • Gynekologi og obstetrikk: fødselshjelp, operative forløsningar og keisarsnitt. Konisering, operasjonar for ulike underlivsplager, lekkasje, fjerning av livmor etc.

Voss sjukehus har hatt god aktivitetsvekst gjennom mange år, og har mål om å fortsette den positive utviklinga. Ein samla utviklingsplan, "Voss sjukehus 2035" er under arbeid, med konkrete planar for nybygg som vil gi fantastiske moglegheiter for akuttforløpa, nye operasjonsstover, nytt kirurgisk poliklinikkareal og sterilsentral. 

Jobb på Voss

Voss er eit sjukehus i vekst. Det er både eit lokalsjukehus med akuttfunksjon, og ein viktig del av Haukeland universitetssjukehus sitt totaltilbod. Har du ambisjonar og lyst til å være med i teamet som byggjer helsetenester for framtida? Då treng vi deg!
Les meir om jobb på Voss
fem personer i sykehusuniformer
Maŋemus ođastuvvon 2024-11-11