Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Å bu på Voss

Voss er ei bygd som inviterer til spektakulære opplevingar. Sjukehuset ligg omtrent i skibakken, og er omkransa av vakre fjell og vatn. Velkommen til ein stad der natur og kultur står i sentrum.

ski.utsikt. fjell. foto
Foto: Visit Voss

Sport og natur

Om vinteren kan du boltre deg på alpinski i velpreparerte løyper, med pudderkøyring «off-piste» og i skogskøyring som ingen andre stader i landet, tur i høgfjellet eller langrennstrening i preparerte løyper med lys heile døgnet.

Om sommaren lokkar grønkledde åsar og gråe toppar mot blå himmel. Her er det plass til alle - ekstremsportutøvar, mosjonist eller naturelskar.

Ski og klatring, kajakk og elevpadling, luftsport og fjellturar. Mogelegheitene for aktive dagar er endelause i denne vakre vestlandsbygda.

Jobb på Voss sjukehus

Kultur og historie

Voss er ikkje berre kjent for unike naturopplevingar. For deg som vil oppleve kunst, kultur og historie har bygda mykje å by på både innandørs og utandørs.

Om du vil lauga deg – det nyopna Vossabadet ligg klart for deg.

Sjå meir her:

Visit Voss

Voss Active

Ekstremsportveko

Vossabadet

Voss kulturhus

Vossajazz


Maŋemus ođastuvvon 2017-12-06