LAR - Tilvising
Ei tilvising til legemiddelassistert rehabilitering - LAR må dokumentere langvarig og omfattande opioidavhengigheit.
Ved tilvising til Legemiddelassistert rehabilitering (LAR) vert det anbefalt at det er kontakt og samarbeid mellom fastlege og sosialtenesta, både når det gjeld skriving av tilvisinga og når det gjeld den vidare oppfølginga og behandlinga av pasienten.
Det som skiljer tilvisingar til LAR fra andre tilvisingar er kravet til dokumentasjon av langvarig og omfattande opioidavhengigheit.
Ei god rusanamnese er viktig, men dessverre ikkje tilstrekkeleg. Det må innhentast relevant dokumentasjon frå instanser som har hatt kontakt med pasienten og som kan dokumentere bruk av opiater og andre rusmiddel mange år tilbake i tid.
Dette kan vere tidligare fastlegar, sjukehus, legevakt, behandlingsinstitusjonar innen tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelavhengige etc. Dess meir informasjon ein mottek, dess meir presise og forsvarlege vert vurderingseiningens vurderingar.
Anna relevant og viktig informasjon for ei heilhetleg behandling av tilvisinga er:
- Informasjon om tidlegare behandlingserfaring innen tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Epikriser frå desse bør leggast ved. Legg merke til at Helse Bergen ikkje har tilgang til Stiftelsen Bergensklinikkenes journalsystem.
- Sosialanamnese: Familieforhold, sosialt nettverk, arbeidserfaring, kontakt med sosialtenesta, økonomiske forhold, fengselsopphald, dommar som ikkje er sona?
- Positive eigenskaper og ressursar hos pasienten.
- Somatisk og psykiatrisk komorbiditet. Bruk av andre rusmiddel? Avhengigheit av andre rusmiddel?
- Er det etablert ansvarsgruppe? Har pasienten ein individuell plan?
- Andre tilhøve som tilviser meiner er sentrale for å få fram eit dekkande bilde av pasientens utfordringar.
Prosess og rammer for behandling
Nasjonal retningslinje for legemiddelassistert rehabilitering ved opioidavhengighet
Maŋemus ođastuvvon 2016-09-20