Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Fysisk trening og kognitiv fungering blant LAR-pasientar

Forskingsprosjektet «Fysisk trening og kognitiv fungering blant LAR-pasientar» er eit bidrag til det som kjem fram i Helse- og omsorgsdepartementets oppdragsdokument om nasjonale satsingsområde, der det vert oppmuntra til større forskingsinnsats for å styrkje fagleg svake område.

​Betre behandling av rusmiddelavhengige er eit slikt område og dette prosjektet bidreg til pasientnær klinisk forsking på denne pasientgruppa.​

Med utgangspunkt i tidlegare studiar som viser positiv korrelasjon mellom fysisk form og mental helse hos rusmisbrukarar, ønskjer vi å undersøke om tidleg igangsetjing av fysisk aktivitet vil gi betring av fysisk og psykisk helse og kognitiv fungering, slik at effekten av annan behandling kan forsterkast. 

Problemstilling

  • ​Kva er nivået av fysisk form blant LAR-pasientar?
  • Korleis påverkar trening pasientens fysiske form og kognitive fungering?
  • Korleis påverkar fysisk aktivitet avhald/graden av rusfridom i perioden?
  • Korleis påverkar fysisk aktivitet mental helse og tru på meistring?


Ved hjelp av fysiske (laktat- og oksygentest) og kognitive testar måler vi utgangsnivået til LAR-pasientane som ønskjer å delta i prosjektet, før vi set i gang. Deltakarane blir tilfeldig delt i to grupper: eksperiment- og kontrollgruppa. Mens kontrollgruppa ikkje skal trene utover det dei pleier å gjere, skal eksperimentgruppa vere med på trening tre gonger i veka. Treningslengde og -intensitet aukast gradvis, for å unngå skader og for å skape motivasjon. Alle treningsøktene skal registrerast i ein dagbok, der type trening, tid, intensitet og andre merknader er notert. 

 Etter tre og seks månader testar vi igjen. Prøvene vil vere lik dei utført på pre-målinga. Det er viktig at post-målingstestane blir utført identisk med pre-målingstestane for å oppnå eit gyldig resultat. I tillegg til kognitive testar og testing av fysisk form, får deltakarane utdelt eit spørjeskjema der kvalitative komponentar blir undersøkt. ​
Maŋemus ođastuvvon 2016-09-19