Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Gruppetilbod i Poliklinikk Kanalveien

AFR Poliklinikk Kanalveien tilbyr ulike gruppebehandlingstilbod, parallelt med oppfølging av egen behandling.

Spelavhengnadsgruppe

Gruppa går kvar veke i 11 veker og gruppesamlingane varer 1,5 tima.Behandlingsgruppa for pengespelavhengnad består av undervisning, erfaringsdeling og utforsking av pengespelproblematikk. Pasienten vil læra nye strategiar for å handtera vanskane sine og etter varigheita i gruppa vil vedkommande vera betre rusta til å møta triggerane sine for speling.

Gruppebehandlingstilbodet er basert på metoden kognitiv åtferdsterapi, som inneber å læra å kjenna igjen forholdet mellom tankar, kjensler og handlingsmønster slik at pasienten kan få kontroll over spelavhengnaden. Det er ei utforskande behandlingsform som tek utgangspunkt i korleis problemet artar seg for pasienten: I kva situasjonar er eg sårbar for å spela? Kva tankar omkring spel fungerer spesielt forlokkande for meg? Speler eg for å handtera eller flykta frå vanskelege kjensler?

Behandlingsmetoden inneber også heimeoppgåver mellom gruppesamlingane og det er viktig at pasienten jobbar aktivt med oppgåver mellom gruppesamlingane.

Traumestabiliserande gruppe

Dette er ei gruppe som fokuserer på å jobba med traumerelaterte vanskar i notid, utan å gå inn i dei traumatiske minna. I gruppa jobbar me med å forstå og meistra traumereaksjonar, regulering av kjensler, handtering av triggerar og gjenopplevingar, søvn og struktur i kvardagen, sjølvhevding og gode grenser.
 
Pasientane lærer øvingar knytt til merksamt nærvær og kroppsleg avspenning, og korleis bruka tankane og evna til refleksjon til å få meir kontroll over automatiserte reaksjonsmåtar. Gruppa vil også ha ein støttande funksjon gjennom det å kunna møta og kjenne seg igjen i andre i liknande situasjon. Gruppa er kursbasert og følgjer boka «Tilbake til notid». Alle deltakarane som fullfører gruppa får denne boka med seg.

Rammene for gruppa

  • 10-12 deltakarar
  • Undervisning og dialog
  • heimeoppgåver

Gruppa skal vera eit tillegg til individuell behandling, slik at ein har moglegheit for å ta opp aktuelle vanskar som det ikkje er rom for i gruppa med sin individualterapeut.

MBT-grupper

 

MBT-RUS er ein behandlingsmetode retta mot samtidig rusliding og personlegdomsforstyrring. I AFR har me eit dedikert MBT-team som jobbar etter denne modellen, organisert under poliklinikk Kanalveien. Det er ein svært sterk samvariasjon mellom ruslidingar og personlegdomsproblematikk.

 

MBT-RUS

  1. Psykoedukativ gruppe
  2. Kasusformulering
  3. Kombinasjonsbehandling 1-3 års vekevis individual og gruppeterapi det første året, deretter blir trappa individualterapi gradvis ned.
  4. MBT-sosionom hjelper etter behov

MBT-ASPD

  1. Psykoedukativ gruppe
  2. Emosjonelt pass
  3. Kombinasjonsbehandling 1 års vekevis gruppeterapi, indivdiualterapi ein gong per månad.
  4. MBT-sosionom hjelper etter behov.

Mentaliseringsbasert psykoedukativ gruppe 6 veker

MBT-psykoedukativ gruppe består av eit innføringskurs der pasientar får opplæring i å forstå temperament, kjensler, tilknytingsmønster, mentalisering og kva det vil seia å streva med personlegdomsforstyrring. Parallelt er det også fokus på funksjonen til rusen opp mot desse tema.

Kven kan tilvisast

Alle pasientar som opplever at dei strevar i relasjon til andre, eller som er nysgjerrige på å forstå meir om seg sjølv og kjenslene sine er aktuelle å visa. Særleg aktuelle er dei pasientane som du er usikker på diagnostisk. Bakgrunnen for dette er at pasientar gjennom deltaking kan bidra med eigne innspel og refleksjonar som kan verka klargjerande i det som ofte er vanskelege diagnostiske vurderingar. Pasienten må vera kjend med at MBT-psykoedukativt kurs er gruppe, og at pasienten må vera i stand til å møta til samlingane utan å vera eller verka ruspåverka.

Mentaliseringsbasert kombinasjonsbehandling 1-3 år

Dette inneber kvar veke individualterapi og vekevis gruppeterapi over ein periode på inntil 3 år. For dei fleste pasientar vil frekvens av individualterapi gradvis trappast ned gjennom forløpet.  Pasient og individualterapeut utarbeider saman ei problemformulering som klargjer korleis pasienten opplever å streva i relasjon til andre og med handtering av eigne kjensler. Hovudformålet med individualterapien er å fasilitera arbeid i gruppeterapien, og til å jobba med å forstå eigne reaksjonar i etterkant av gruppeterapien.

Gruppeterapien er ein øvingsarena for pasientar der dei skal jobba med problemformuleringa si. I gruppa vekslar gruppedeltakarane med å bringa inn hendingar som gruppa i fellesskap skal bryna seg på å forstå, og som gir dei høva til å utforska eigne tankar og kjensler som oppstår i gruppa.

I gruppa vil det naturlegvis kunna oppstå reaksjonar overfor gruppemedlemmer og terapeutar.  Slike situasjonar vil gi gruppemedlemmene trening i å handtera affektar her og no, og trening på å rydda opp og avklara eventuelle misforståingar.

Tanken bak gruppeterapi er at øving på ein (etter kvart) trygg arena, vil gjera det enklare for pasientane å henta seg raskare inn i emosjonelt krevjande situasjonar, som kan gi dei høva til å ta i bruk meir formålstenlege strategiar for handtering av kjensler (auka fleksibilitet).

Behandlingsforløpet og metodikken for ASPD-prosjektet følgjer ein tilpassa manual der behandlinga har ei avgrensa varigheit på 1 år, med vekefast gruppeterapi og månadleg *individualterapi ved behov.

Kven kan tilvisast

Pasientar som innfrir kriteria for emosjonelt ustabil personlegdomsforstyrring. Me har også eit forskingsprosjekt gåande kvar me tek inn pasientar som innfrir kriteria for dyssosial (antisosial) personlegdomsforstyrring (MBT-ASPD). Ved kapasitet kan me vurdera å tilby dette behandlingsprogrammet til pasientar som hovudsakleg innfrir kriterium for andre personlegdomsforstyrringar. Pasienten må vera i stand til å møta til samlingane utan å vera eller verka ruspåverka. Ta gjerne kontakt med oss for å drøfta!

Lovande resultat med MBT ved personlegdomsforstyrring og rus

Ved Rusmedisin poliklinikk i Bergen brukar dei mentaliseringsbasert terapi (MBT)

ved samtidig personlegdomsforstyrring og rusliding. Dette har gitt svært gode resultat.

ROP - Lovande resultat med MBT ved  personlegdomsforstyrring og rus

Maŋemus ođastuvvon 2024-07-18