Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
natt himmel med stjerner

Gruppebehandling

Gruppetilbod i LAR

AFR LAR tilbyr ulike gruppebehandlingstilbod, parallelt med oppfølging av LAR behandlinga. Tilboda foregår i Rusmedisin sine lokaler på Østre Murallmenningen 7.

Traumegruppe - tilbake til nåtiden  

Psykoedukativt tilbod til pasientar med rus og traumelidingar. Vi har to grupper, nivå 1-gruppe og nivå 2-gruppe, som begge har fokus på arbeid med traumerelaterte vanskar.

Dette er eit gruppetilbod som fokuserer på å jobba med traumerelaterte vanskar i notid, utan å gå inn i dei traumatiske minna. I gruppene jobbar me med å forstå og meistra traumereaksjonar, regulering av kjensler, handtering av triggerar og gjenopplevingar, søvn og struktur i kvardagen, sjølvhevding og gode grenser. Me har også ei samling med fokus på samanhengen mellom rusbruk og traumer. 

Pasientane lærer øvingar knytt til merksamt nærvær og kroppsleg avspenning, og korleis bruka tankane og evna til refleksjon til å få meir kontroll over automatiserte reaksjonsmønster. Gruppa vil også ha ein støttande funksjon gjennom det å kunna møta og kjenne seg igjen i andre i liknande situasjon. Gruppene er kursbaserte og tek utgangspunkt i «Tilbake til notid»-boka frå Modum Bad. Boka har 20 kapittel, der kapittel 1-10 er fokus i nivå 1-gruppe, og kapittel 11-20 er fokus i nivå 2-gruppe. Ein må gå i nivå 1 før ein tek til på nivå 2.

Rammene for gruppene

  • Begge kursnivå går over 11 veker
  • Opp mot 10 deltakarar
  • Undervisning og heimeoppgåver

Gruppa skal vera eit tillegg til individuell behandling, slik at ein har moglegheit for å ta opp aktuelle vanskar som det ikkje er rom for i gruppa med sin individualterapeut.

 

Ekslusjonskriteriar Traumegruppe

  • Menneske i større livskrisar
  • Alvorleg sjølvskading
  • Alvorleg rusbruk
  • Suicidalproblematikk
  • Akutte innleggingar
  • Store vanskar med å møta (i følgje manualen godtas ikkje meir enn tre fråværsdagar i løpet av gruppa)
  • Personlegdomsproblematikk med høg grad av utagering og låg reflekterande fungering

 

For polikliniske behandlarar som skal tilvise, sjå sida: Henvisning til gruppetilbud i LAR

 

Mindfulness-basert tilbakefallsførebyggings-gruppe (MBRP) 

Stad: Murhjørnet, AFR, 7. etg. 

Antall plassar: 10-12 

Varigheit: 8 veker                                                           

AFR LAR tilbyr kurset Mindfulness-basert tilbakefallsførebygging (MBRP), som er eit 8 vekers manualbaserte kursprogram for å førebyggja tilbakefall til rusbruk. Kurset legg vekt på korleis du kan unngå tilbakefall til rusmiddelbruk ved hjelp av øvingar i mindfulness, også kalla merksamt nærvær. 

Dette er øvingar der ein trenar på å vera til stades «her og no» på ein ikkje-dømmande og nysgjerrig måte, ofte med mål om å tre ut av automatiserte lite tenlege tanke- og handlingsmønster. Kurset er praktisk orientert med ulike merksemdøvingar, og dessutan oppgåver og undervisning henta frå kognitiv terapi.  

MBRP blir tilrådd i nasjonale og internasjonale retningslinjer for behandling av rusbrukslidingar. I tillegg til redusert risiko for tilbakefall, viser studiar til reduksjon i russug («craving»), depressive symptom, angstsymptom og impulsivitet hos deltakarar i MBRP behandling.
Helsedirektoratet.no/retningslinjer/behandling og rehabilitering av rusmiddelproblemer og avhengighet/terapeutiske tilnærminger i rusbehandling, mindfulness i rusbehandling

  

Rammar for gruppa

  • MBPR-kurset går over 8 veker med vekefaste samlingar på 1 time 45 min kvar samling. Du møter andre deltakarar i same situasjon som deg.
  • Totalt vil det vera opp mot 12 deltakarar, i tillegg til 2-3 kursleiarar/terapeutar. Kurset er for deg som er i stabil behandling utan pågåande bruk av rusmidlar, som har erfaring med å vera rusfri over tid og som ynskjer å fortsette med det. 
  • Kurset blir halde i AFR poliklinikk lokala sine i Østre Muralmenning 7. Deltakarane forpliktar seg til å delta på kurssamlingane og oppmodast til å gjera øvingar og oppgåver heime mellom samlingane. 

Inklusjonskriterium  

  • Brukar for tida ikkje rusmiddel 
  • Motivert for å redusera risiko for tilbakefall til opioidbruk eller anna uønska åtferd  
  • Kan delta i gruppe-samlingar, og møta regelmessig og presist 

Eksklusjonskriterium 

  • Pågåande alvorleg eller akutt psykisk liding eller pågåande sjølvmordsfare 
  • Pågåande livskrise / mangel på stabilitet i livet 

 

For polikliniske behandlarar som skal tilvise, sjå sida: Henvisning til gruppetilbud i LAR (sharepoint.com)

 

 

Maŋemus ođastuvvon 2024-03-20